Tai'an

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå midtbyen i Tai'an
Plasseringa av Tai'an (gul) i Shandong

Tai'an, (kinesisk: 泰安; pinyin: Tài'ān) er eit byprefektur i den vesteleg delen av provinsen Shandong i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 7 761 km² og hadde i kring 5,5 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Tai'an omfattar to distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Nord for byen ligg det 1 545 moh høge fjellet Tai Shan. Fjellet, som er nemnt allereie i skriftene til Konfucius, vert rekna som eitt av dei fem mektige fjella for det daoistiske Kina. Toppen av Tai Shan skal vere den fjelltoppen i verda som får flest besøk.

Viktigaste tempelet er det daoistiske Daimiao-tempelanlegget.

Ein del av den store Qi-muren står att i verneverdig stand, og er oppført på Folkerepublikken Kina si liste over kulturminne. Det gjer også funnfeltet for Dawenkoukulturen. Dawenkoufeltet har vorte utgrave i 1959, 1974 og 1978, og er delt i tre sjikt. Berre det midtre sjiktet er Dawenkoukultur, ettersom det tidlegaste laget svarar til Beixinkulturen og det yngste laget er ein tidleg variant av Longshankulturen.

Under Vår- og haustannaltida og krigarrika-tida låg området dels under staten Qi, dels staten Lu.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggtoget Beijing-Shanghai har stoppestad i Tai'an.

Kinas riksveg 104 går gjennom prefekturet. Han tek til i Beijing og går sørover via Dezhou, Jinan, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tai'an

Kjelder[endre | endre wikiteksten]