Taihang Shan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I Taihang Shan

Taihang Shan (kinesisk: 太行山; pinyin: Tàiháng Shān) eller Taihangfjella er ei fjellkjede nord i Folkerepublikken Kina. Fjella dannar grenseområde mellom provinsane Shanxi i vest, med Hebei og det nordlege Henan i aust.

Fjella strekker seg frå låglandet i Hebei i nordaust og til høglandet i Shanxi i sørvest. De fleste fjelltoppane er mellom 1 500 og 2 000 meter høge; høgste toppen er Xiaowutai på 2 882 meter over havet. Området er rikt på kol. Provinsnamna Shanxi og Shandong viser til at dei to provinsane ligg høvesvis vest og aust for Taihang Shan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]