Tainoar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rekonstruksjon av en tainolandsby på Cuba. Landsbyane var ofte bygde rundt ein sentral plass som ein mellom anna brukte til møte og ballspel.

Tainoane var ei indiansk folkegruppe som levde på Dei store Antillane: Cuba, Hispaniola, Puerto Rico og Jamaica og på Bahamasøyane. Dei var i nær slekt med arawakane, ei folkegruppe som framleis lever langs det nedre løpet til Orinoco-elva i Sør-Amerika og langs kysten eit stykke austover frå munningen av denne. Arkeologar har konkludert med at tainoane har utvandra frå dette området i århundra like etter byrjinga av vår tidsrekning, og med kanoar har dei forflytta seg gradvis lenger nordover langs øyane i øykjeda som vert omtala som Dei små Antillane. Rundt 1000-talet har dei etablert seg på Puerto Rico og Hispaniola, noko seinare på Cuba og Bahamas. På øyane i Dei små Antillane har tainoane seinare vorte undertrykte av dei etterfølgjande karibane, som var eit krigarfolk, medan tainoane var eit meir fredeleg folk. Medan karibane tok kontrollen over Dei små Antillane, heldt tainoane fram det isolerte livet sitt på Dei store Antillane.

Før tainoane kom, var øyane busette av eit primitivt folkeslag som tainoane omtala som guanahatabeyar. Dei vart gradvis drivne vekk, og då spanjolane kom til øyane i 1492, levde guanahatabeyane framleis berre lengst vest på Cuba og på den sørvestlege halvøya på Hispaniola. Cuba er tainoane sitt eige namn på den største øya. Den øya spanjolane døypte Hispaniola, og som i dag er delt mellom Haiti og Den dominikanske republikk, hadde fleire namn blant tainoane – både Hayti, Bohio og Cibao – medan Puerto Rico hadde namnet Borinquen. Bahamasøyane vart omtala som Lucayos. Språket deira, taino, som er utdøydd i dag, høyrde til den arawakiske språkfamilien, som elles var utbreidd nord i Sør-Amerika.

Tainoane livnærte seg ved jordbruk og fiske. Dei dyrka mykje maniok og andre rotfrukter, men også mais, peanøtter og bomull. Kor mange dei var i 1492, er omstridt, men det er truleg at det berre på Hispaniola var ein million menneske eller meir. Femti år seinare var nesten alle utrydda, mellom anna grunna sjukdommar som europearane hadde med seg og tvangsarbeidet dei vart utsette for. Den undertrykkinga og utnyttinga som koloniherrane stod for, vart i samtida skildra av dominikanarmunken Bartolomé de Las Casas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]