Pongal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Taippongal)
Pongaldekorasjon i ein kontorbygning.
Foto: Sowrirajan S

Thaippongal (tamil தைப்பொங்கல்) eller berre pongal er ein haustfest feira av tamilar over heile verda, uavhengig av religion. Høgtida er særleg viktig for bønder, som takkar sola, regnet og husdyra for grøda dei skaper, men ho blir også feira i stort mon i byar og i tamilske utvandrarmiljø.

Pongal finn som regel stad mellom 12. og 15. januar, frå slutten av den tamilske månaden maargazhi og inn i månaden thai, og går over fire dagar. «Pongal» tyder 'renna/koka over', og det er vanleg at ein let ei gryte mjølk koka over denne dagen, som eit symbol på framtidig grøde og rikdom. «Thai» viser til den tamilske månaden som tek til under feiringa.

Feiring[endre | endre wikiteksten]

Bhogi pongal[endre | endre wikiteksten]

Som ved andre tamilske høgtider markerer ein pongal med flotte bakketeikningar.
Foto: Alex Graves

Dagen før sjølve pongal er vigd til guden Indra, ein gammal indisk regngud, og til førebuingar av feiringa. Ved daggry tenner ein eit stort bål som blir halde vedlike dagen og natta til endes. Her kan ein kasta gamle, ubrukelege ting og haldningar.

Bønder tilber reiskapane sine, som plogar og sigder, og bruker dei til å hausta inn ris, gurkemeie og sukkerrøyr frå markene til bruk neste dag. Huset blir vaska og ein lager store bakketeikningarkolam — med kvite og raude fargar, laga av ris og raud jord, gjerne med graskarblomar plasserte i kuskitklumpar langs linjene.

Om kvelden blir det slått på tromme og dansa rundt bålet.

Sjå òg Govardhan.

Surya pongal[endre | endre wikiteksten]

Pongal-offer til solguden.
Foto: Kamala Lakshminarayanan

Den andre, og viktigaste, pongal-dagen byrjar månaden thai, og er tileigna solguden Surya. Om morgonen teiknar ein eit kolam-bilete av solguden med dekorasjonar rundt. Eit nytt kokekar blir fylt med ris, mjølk og «jaggery» (råsukker) som får koka over. Når dette skjer lagar tilskodarane mykje lyd ved å slå på gryter og lokk, blåsa i ein konkylie og ropa «Pongalo pongal!». Noko av risen blir ofra til ein gud og resten servert til folka i huset, saman med mykje annan god mat.

Denne dagen gjev ein gåver, gjerne nye klede, til nygifte og tenarar.

Maattu pongal[endre | endre wikiteksten]

Pongalpynta ku med måla horn.
Foto: Alex Graves

Tredje dagen av feiringa er maattu-pongal, eller ku-pongal. Denne dagen dyrkar bøndene kyrne sine ved å vaska dei, pynta dei, gje dei god mat og utføra ein liten seremoni for dei.

Jallikattu, ei populær tilstelling der folk bryt med okser, blir halden i fleire landbyar denne dagen.

Sjå òg Nandi.

Kaanum pongal[endre | endre wikiteksten]

Den fjerde dagen har namn etter 'å sjå', og er ei tid ein kan vitja familie eller vennar.

Denne dagen kan jenter tilbe fuglar ved å ofra kokt ris og legga ut til dei. Jenter kan også be spesielt for brørne sine denne dagen.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I 2008 kom delstatsministeren av Tamil Nadu med eit framlegg om å gjera pongal til tamilsk nyttår, noko det tidlegare i historia kan ha vore.[1]

Okseslåstinga blei forbode av den indiske høgsteretten i 2008, men forbodet blei omgjort til strengare reglar for folk og dyr etter store protestar.[2]

Liknande høgtider[endre | endre wikiteksten]

Høgtida har likskapstrekk med sankranti og lohri, som blir feira på om lag same tida rundt om i India. Ein finn også liknande haustfestar blant bønder i Burma, Kambodsja og Korea.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]