Taiyuan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
太原市 (hanzi)
Tàiyuán pinyin)
Taiyuan.jpg
Styresmakter
Land
Provins
Kina
Shanxi
Geografi
Flatevidd 6 988 km²
Innbyggjarar 3 650 000
Plassering
Taiyuan i Shanxi.
Taiyuan i Shanxi.

Taiyuan er eit byprefektur som er hovudstad i provinsen Shanxi i det nordlege Kina. Prefekturet har eit areal på 6 988 km², folketalet vart i 2009 berekna til 3,65 millionar. Innanfor bygrensene, med forstader, budde 2,5 millionar menneske i 2003.

Byprefekturet Taiyuan omfattar seks distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn viser at byens historie går tilbake til den eldste delen av Shang-dynastiet. Taiyuan var hovudstad, tufta av Zhaojianzi (赵简子) ca. 500 f.Kr., og heitte då 'Jinyang' (晋阳). Han fekk namnet «Taiyuan» under Qin-dynastiet. Jinyang var eit strategisk senter i oldtidsstaten Zhao. Etter at Qin erobra Zhao i 221 f.Kr., var byen sete for eit kommanderi. Under den seinare Han-perioden var byen hovudstad for provinsen Bingzhou.

Ei tid på 500-talet var Taiyuan sekundær hovudstad for Det austlege Wei og for Det nordlege Qi, og voks seg større. Han vart då eit senter for buddhismen. Ein ny by vart bygd i 562, og i 1773 slått saman med den gamle byen. Grunnleggaren av Tang-dynastiet byrja erobringa av Kina med Taiyuan som viktig base, godt støtta av det lokale aristokratiet. Periodevis var byen den nordlege hovudstaden for Tang. Han vart eit sterkt forskansa militært støttepunkt.

Ei rekke keisarar kom frå Taiyuan; den mest kjende er Tang-keisaren Li Shimin.

Byen låg i det som no er Taiyuanzhen, nokre kilometer aust for dagens bykjerne. Etter at Song-dynastiet kom til makt i 960, byrja ein i 982 å bygge ein helt ny by ved breiddene til elva Fen He. Byen vart sete for eit overordna prefektur i 1059 og administrativ hovudstad for Hedong i 1107, noko han vart verande til slutten av Yuan-dynastiet (1368).

Ved byrjinga av Ming-dynastiet (1368–1644) fekk byen namnet Taiyuan Fu (府; fu, som betyr «hovudby»), eit namn han hadde til 1912. Under Ming-dynastiet og Qing-dynastiet var Taiyuan Fu hovudstad for Shanxi.

I 1907 steig Taiyuans vekt då byen fekk jernbanesamband med Shijiazhuang i Zhili, på hovudlinja mellom Beijing og Wuhan. Kort etter vart Taiyuan ramma av økonomiske nedgangstider. På 1800-talet hadde handelsstanden og det lokale bankvesenet vore svært vitig, men mellom anna grunna moderniseringa av det kinesiske bankvesenet kom Taiyuan og heile Shanxi i bakevja.

Under republikken, 1911-49, vart bynamnet endra til Yangqu, eit namn han hadde til 1947. Krigsherren Yen Hsi-shan rådde over byen frå 1913 til 1948. Taiyuan blomstra økonomisk og industrien voks. Nye jarnbanesamband både til dei sørvestlege delane av provinsen og nordover til Datong spela her ei rolle.

Etter Japan sin invasjon i 1937 heldt den industrielle veksten fram. Den japanske hæren i Shanxi slutta seg i 1945 til Yen Hsi-shan og kjempa for han til kommunistane erobra Taiyuan i 1948.

Sidan den kommunistiske maktovertakinga i 1949 har Taiyuan bygd ut den industrielle basisen. Tungindustrien, jarn- og stålverk, har forsett som den viktigaste, då den lokale kolproduksjonen er svært stor. Det vert også produsert maskinar, sement og kjemiske produkt. Byen har også fått store forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Jinci-tempelanlegget vart i 1961 oppført på Folkerepublikken Kina si liste over verneverdige kulturminne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]