Take Me to the Pilot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Take Me to the Pilot
Singel av Elton John
frå albumet Elton John
B-side «Your Song»
Utgjeve 25. oktober 1970
Innspelt Trident Studios
Sjanger Rock
Lengd 3:47
Selskap Uni (US/Canada)
DJM Records
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi
«From Denver to L.A.»
(1970)
Take Me to the Pilot «Your Song»
(1970)

«Take Me to the Pilot» er ein rockesong av Elton John med tekst av Bernie Taupin frå albumet Elton John i 1970.

Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet med «Your Song» som B-side. Begge vart spelt på radio, men då «Your Song» vart føretrekt av programleiarane vart han gjeven ut på ny som A-sida på singelen. Singelen nådde etter kvart listene i både Storbritannia og USA.

Songen vart spelt fast på konsertane til Elton John og finst på mange konsertalbum.

Mange andre artistar har òg spelt inn songen som José Feliciano, Buzzy Linhart, Ben E. King, Odetta, Nate Hopkins, Al Jarreau og Gloria Loring. The Who spelte songen på Two Rooms: Celebrating the Songs of Elton John & Bernie Taupin. I 1983 spelte Kikki Danielsson songen på albumet hennar Singles Bar[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Information at Svensk mediedatabas