Taking Tiger Mountain (By Strategy)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taking Tiger Mountain (By Strategy)
Studioalbum av Eno
Språk engelsk
Utgjeve november 1974[1]
Innspelt september 1974 i Island Studios i London
Sjanger Kunstrock, glamrock
Lengd 48:14
Selskap Island
Produsent Brian Eno
Kritikk
Eno-kronologi 
Here Come the Warm Jets
(1974)
Taking Tiger Mountain (By Strategy) Another Green World
(1975)


Taking Tiger Mountain (By Strategy) er det andre soloalbumet til Brian Eno. Det var produsert av Eno og kom opphavleg ut på Island Records i november 1974.[1] I motsetnad til det førre albumet, Here Come the Warm Jets, nytta Eno eit band med fem medlemmar og færre gjestemusikarar. I same periode produserte Eno albumet til Robert Calvert, Lucky Leif and the Longships.[3] Dei flest musikarane på Taking Tiger Mountain var òg involvert i dette prosjektet[4] Gitarist og medlåtskrivar Phil Manzanera, som hadde spelt med Eno i Roxy Music, medverka òg på albumet. For å hjelpe til med produksjonen av albumet utvikla Eno og Peter Schmidt instruksjonskort kalla Oblique Strategies for å hjelpe den kreative prosessen på albumet.

Albumet nådde ikkje salslistene, men fekk mykje omtale i rockepressa.[5][6]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet var produsert av ei rekkje postkort av ein kinesisk revolusjonsopera kalla Taking Tiger Mountain by Strategy.[7]

For å hjelpe seg under innspelinga av albumet, utvikla Eno og venen Peter Schmidt ei rekkje instruksjonskort, Oblique Strategies.[7] Han let korta diktere den neste handlinga under innspelinga.[7] Eno og Schmidt utvida etter kvart korta til over 100 forskjellige «dilemma», som vart nytta på nesten alle hans framtidige innspelingar og produksjonar.[7]

Kjernegruppa av musikarane på albumet bestod av Manzanera frå Roxy Music, Brian Turrington og Freddie Smith frå The Winkies, og tidlegare Soft Machine-vokalist Robert Wyatt.[8] Fleire gjestemusikarar spelte på fleire av songane. Av desse finn ein Andy Mackay frå Roxy Music, og Portsmouth Sinfonia, eit orkester der Eno ein gong hadde spelt klarinett.[9] Filosofien til orkesteret var at alle kunne vere med så lenge personen ikkje hadde erfaring med instrumentet personen spelte i orkesteret.[9] Trommeslagar Phil Collins gjesta òg på albumet, etter at Eno hadde hjelpt til med produksjonen av Genesis-albumet The Lamb Lies Down on Broadway.[10]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet og det nådde ikkje lista i verken Storbritannia eller USA.[11][12] Som det førre albumet til Eno, Here Come the Warm Jets, fekk det generelt god kritikk.[5] I 1975 vart Taking Tiger Mountain (By Strategy) stemnd fram som eit av dei beste albuma i 1974 i Village Voice sin Pazz & Jop-undersøking.[13]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Brian Eno, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Burning Airlines Give You So Much More»3:18
2.«Back in Judy's Jungle»5:16
3.«The Fat Lady of Limbourg»5:03
4.«Mother Whale Eyeless»5:45
5.«The Great Pretender»5:11
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Third Uncle» (Eno, arr. Brian Turrington)4:48
2.«Put a Straw Under Baby»3:25
3.«The True Wheel» (Eno, Phil Manzanera)5:11
4.«China My China»4:44
5.«Taking Tiger Mountain»5:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre gjester
  • Portsmouth Sinfonia – strykarar på «Put a Straw Under Baby»
  • Randi and the Pyramids – kor på «The True Wheel»
  • The Simplistics – kor på «Back in Judy's Jungle» og «Taking Tiger Mountain»
  • Andy MacKay – blåsarar på «The Fat Lady of Limbourg»
  • Phil Collins – ekstra trommer på «Mother Whale Eyeless»
  • Polly Eltes – vokal på «Mother Whale Eyeless»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Huey, Steve. «Taking Tiger Mountain (By Strategy) album review». Allmusic. Henta 22. april 2011. 
  2. Wolk, Douglas. «Brian Eno : (various reissues) Review on Blender :: The Ultimate Guide to Music and More». Blender. Arkivert frå originalen 6. august 2004. Henta 22. april 2011. 
  3. Thompson, David. «Lucky Leif and the Longships: Overview». Allmusic. Henta 22. april 2011. 
  4. «Allmusic: Lucky Leif and the Longships». Henta 22. april 2011. 
  5. 5,0 5,1 Tamm, 1995. s.100
  6. Tamm, 1995. s.101
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Howard, 2004. s.192
  8. Derogatis, 2004. s.242
  9. 9,0 9,1 «The Real Godfathers of Punk». The Sunday Times. May 30th, 2004. Henta 22. april 2011. 
  10. Thompson, 2004. p.117
  11. Warwick, 2004. p.379
  12. «Brian Eno Charts & Awards». Allmusic. Henta 10. mai 2008. 
  13. «The 1975 Pazz & Jop Critics Poll». Henta 22. april 2011.