Takrøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Takrøyr


BlomeFoto: Matthias Kabel
Blome
Foto: Matthias Kabel

Systematikk
Orden: Poales
Familie: Poaceae
Slekt: Phragmites
Vitskapleg namn
Phragmites australis

Takrøyr, Phragmites australis, er ein stor, fleirårig grasart som finst i våtmarker gjennom tempererte og tropiske regionar i verda.

Phragmites australis er ofte skildra som den einaste arten i slekta Phragmites, men somme botanikarar deler Phragmites inn i tre eller fire artar. Spesielt blir den sørasiatiske Phragmites karka ofte handsama som ein eigen art.[1]

I Noreg veks takrøyr til fire meter i høgd, og blomane dannar ein stor, lilla blomsterstad i toppen av veksten. Planten er mest vanleg på Austlandet.[2] Bruken av planten har inkludert taktekking, flettverk, mat og godteri, fløyter, pynt, og som plantefarge til farging i farger frå grått til blått og svart, eller gult og grønt.[3]

Takrøyrskog dannar vektige biotop for dyreliv, spesielt i Europa og Asia, der mange fugleartar er sterkt knytt til store habitat av takrøyr. Slike artar er mellom anna skjeggmeis (Panurus biarmicus), røyrsongar (Acrocephalus scirpaceus) og røyrdrum (Botaurus stellaris).

Vekst og habitat[endre | endre wikiteksten]

Phragmites australis dannar ofte omfattande samanhengande bestandar, kjent som takrøyrbelte og takrøyrskog, som kan vere så mykje som ein kvadratkilometer eller meir i omfang. Der tilhøva ligg til rette, kan det spreie seg 5 meter eller meir per år av horisontale utløparar, som set ned røter med jamne mellomrom. Han kan vekse i fuktig jord, i stilleståande vatn på 1 meters djupne eller så, eller som ei flytande matte. Dei oppreiste stenglane veks til 2-6 meter i høgd, dei høgste plantene veks i område med varme somrar og fruktbare vekstforhold.

Blada er lange til å vere gras, 20-50 centimeter og 2-3 centimeter breie. Blomane er produsert på seinsommaren i ein tett, mørk lilla stand, ca 20-50 cm lang. Seinare blir dei mange lange, smale, spisse småaksa gråare i farga på grunn av veksten av lange, silkeaktig hår.

Det er ein halofyt, spesielt vanleg i alkaliske habitat, og han òg toler brakkvatn,[4] så han er ofte funnen i dei øvre delane av elvemunningar og på andre våtmarker som er tidvis oversumt av havet.

Husdyr på beite kan legge ned takrøyr. Under slike tilhøve veks dei anten opp som små skot innanfor beiteområdet, eller planten forsvinn heilt.

I Europa er takrøyr sjeldan invasiv - spreier seg lite, unntatt på fuktige grassletter der tradisjonelt beite er avslutta.

Takrøyrbelte som veks ut i vatn
Foto: Wikimedia-brukar Botaurus


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Phragmites». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. 2007-05-09. http://www.ars-grin.gov/cgi-bin/npgs/html/genus.pl?9280. Henta 2009-02-10. 
  2. «takrør» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. http://nyttevekster.wikidot.com/start Takrør Henta 5. mai 2013
  4. issg Database: Ecology of Phragmites australis

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Takrøyr