Takt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marsjering blir utført i takt.

Takt (frå latin tactus, 'røring') viser til rytmisk lyd eller rørsle. Ein kan til dømes snakka om å eller ro i takt. Omgrepet blir elles særleg mykje brukt innan musikk. Dette er avleidd frå lyrikk, der «takt» kan visa til versefot.

«Takt» eller «taktkjensle» kan elles visa til finkjensle i omgang med andre, sjå takt og tone.

Takt i musikken[endre | endre wikiteksten]

I noter er «takt» rommet mellom to loddrette taktstrekar. I byrjinga av eit stykke blir taktarten gjeven, her som 2/2 (to halvnoter) av ein C med ein loddrett strek mellom. Prikkane under viser taktslag, til saman åtte i kvar fullstendige takt.

I musikkteori er takt ei grunneining musikkstykke svært ofte blir delt inn i. Ein takt må innehalda minst éin betont taktdel. Kvar takt varer som regel like lenge og omfatter eit visst tal rytmiske einingar. Ein opptakt i byrjinga av eit stykke er derimot kortare.

Ulike musikksjangrar har ulike taktartar, det vil seia skjema for korleis noteverdiar og aksentar er fordelte. Desse blir ofte berre kalla «takt», som i «trefiredelstakt».

Når ein framfører musikk er det viktig å halda takten, både for å få fram rett rytme og harmoni, spela til same tid i eit ensemble, og få fram musikk som kan brukast til dans. Ein kan halda takten ved hjelp av ein taktstav, metronom, eller ved å slå eller trampa takten.

Liknande inndelingar i andre musikktradisjonar enn vestleg er tala i indisk musikk og wazn i arabisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]