Taktart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
To taktar med taktstrek imellom, taktarten blir opplyst i blått

Taktart, takt eller metrum viser til mønster i musikk av betonte og ubetonte slag i taktar. Taktarten er eit skjelett for rytmen i eit musikkstykke, eller ein del av eit stykke.

Vanlege taktsignaturar: 4/4 (C), 2/2 (¢), 2/4, 3/4 og 6/8

Taktarten blir oppgitt først i eit stykke ved ein taktsignatur som viser talet slag per takt i tillegg til den rytmeverdien som utgjer slaget. Firefiredelstakt (4/4), der ein har fire slag med firedelsnoter per takt, er ein svært vanleg taktart, og blir ofte berre skriven som ein C. Trefiredelstakt er kjend for å brukast i vals.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.