Talas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Talas er ei elv som renn gjennom Kirgisistan og Kasakhstan. Ho oppstår der elvane Karakol og Utsjkosja renn saman. Begge desse kjem frå Kirgisryggen og Talas-Alatau. Ho renn gjennom byen Taraz i Zjambyl-regionen i Kasakhstan og forsvinn før ho når Ajdynsjøen.

Under slaget ved Talas i 751 slo ein hærstyrke av arabarar, kirgisarar og nepalarar hæren til Tang-dynastiet frå Kina og hindra dei i å utvide områda sine vidare vestover. Samstundes klarte dei å få tak i den kinesiske løyndomen om korleis ein laga papir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]