Tales from Topographic Oceans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tales from Topographic Oceans
Studioalbum av Yes
Utgjeve 14. desember 1973
Innspelt august–oktober 1973 i Morgan Studios i London i England
Sjanger Progressiv rock
Lengd 81:15
Selskap Atlantic
Produsent Yes, Eddie Offord
Kritikk
Yes-kronologi
Close to the Edge
(1972)
Tales from Topographic Oceans Relayer
(1974)

Tales from Topographic Oceans er det sjette studioalbumet frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i desember 1973 i Europa og i januar 1974 i USA. Det er eit konseptalbum basert på fotnotane fra dei shastriske skriftene i Paramahansa Yogananda-boka Autobiography of a Yogi. Det er hovudsakleg Jon Anderson og Steve Howe som står for tekstane, som dei skreiv i løpet av Close to the Edge-turneen.

Albumet kom på sjetteplass på Billboard 200 i USA, toppen av UK Albums Chart i Storbritannia[3] og på åttandeplass på VG-lista topp 40 i Noreg.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dette er det mest omdiskuterte albumet til Yes, då både kritikarar og publikum var særs delte i synspunkta på det. Det verkar som dei fleste meiner det har sine lyspunkt, men er for overdrive og pompøst. Atter andre meiner det er eit komplett meisterverk. Trass i hovudsakleg negativ omtale i pressen, selde albumet til gull på rekordtid i både Storbritannia og i USA.

Rick Wakeman var av dei som ikkje likte retninga bandet hadde teke, og slutta etter den påfølgjande turneen. Han var av den oppfatninga at det var mykje god musikk, men alt for mykje «dødtid» og musikalske «flisespikkeri». Sjølv om albumet vart varierande og ofte negativt omtalt, har bandet gjennom åra stadig vekk funne plass til minst ein komposisjon frå dette albumet på konsertane sine.

Utgjevinga frå 2003 har ei lengd på 83:42 minutt, mot 81:15 på originalutgjevinga. På originalutgjevinga klipte ein ned introen til «The Revealing Science of God», men denne vart lagt inn att på 2003-utgjevinga slik at låten no framstår i si heile og fulle lengd.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk komponert av Anderson/Howe/Squire/White/Wakeman.

Side ein
# Tittel Tekst Lengd
1. «The Revealing Science of God (Dance of the Dawn)»   Anderson, Howe 20:25
Side to
# Tittel Tekst Lengd
1. «The Remembering (High the Memory)»   Anderson, Howe, Squire, White, Wakeman 20:38
Side tre
# Tittel Tekst Lengd
1. «The Ancient (Giants Under the Sun)»   Anderson, Howe, Squire 18:35
Side fire
# Tittel Tekst Lengd
1. «Ritual (Nous Sommes du Soleil)»   Anderson, Howe 21:37

2003-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Disk ein
# Tittel Tekst Lengd
1. «The Revealing Science of God (Dance of the Dawn) (med original intro restored)»   Anderson, Howe 22:22
2. «The Remembering (High The Memory)»   Anderson, Howe, Squire, White, Wakeman 20:38
3. «The Ancient (Giants Under The Sun)»   Anderson, Howe, Squire  
Disk to
# Tittel Tekst Lengd
1. «Ritual (Nous Sommes du Soleil)»   Anderson, Howe 21:37
2. «Dance of the Dawn (studio run-through)»     23:35
3. «Giants Under the Sun (studio run-through)»     17:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1988 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2001 – Japansk Limited Edition
  • 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tales from Topographic OceansAllmusic
  2. Dahlen, Chris, Dominique Leone & Joe Tangari (February 8, 2004). Album review, Pitchfork.
  3. UK Albums Chart: Yes – Tales from Topographic Oceans
  4. VG-lista: Yes