Talet 12

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Talet tolv
i ulike talsystem:
1100 binært
14 oktalt
12 desimalt
C heksadesimalt
XII romartal

Talet tolv (12) er eit samansett tal: 12 = 2·2·3. I heiltalsrekkja kjem det etter talet 11 og før talet 13.

Talet tolv kan indikerast med prefikset dodeka- (frå gresk) eller duode(sim)- (frå latin).

Ordenstalet som svarar til talet tolv, er tolvte (12.).

Ei mengd på eksakt tolv objekt av same type vert ofte kalla eit dusin eller ei tylft.
Ei mengd på tolv tylfter (12·12 = 144) vert kalla eit gross.