Talland Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bukta sett frå vest
Talland kyrkje

Talland Bay er ei bukt vest for byen Looe i Cornwall i Storbritannia. Her finst to skjerma grusstrender, Talland Sand og Rotterdam Beach, og bukta var tidlegare kjend som ein stad der smuglarar tok varene sine i land. Her finst òg mange skipsvrak, mellom anna ein fransk trålar, «Marguerite», som gjekk ned i 1922. To private båtar føretok ein dramatisk redningsaksjon og alle 21 om bord vart berga. Ein kan framleis sjå dampkjelen til skipet på stranda ved fjøre sjø. Grenda Talland med Talland kyrkje ligg like ved bukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°20′14″N 4°29′50″W