Talleiv Røysland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Talleiv Røysland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. september 1897
Død

22. desember 1981 (84 år)

Yrke musikar

Talleiv Røysland (28. september 189714. september 1981) var ein kjend folketonesongar eller kvedar frå Telemark. Han er rekna som ein av dei beste i si tid, berre jamført med Aslak Brekke og Brita Bratland.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Talleiv vart fødd på husmannsplassen Røysland under garden Åkeren i Lårdal, som uekte son av Ingebjørg Tarjeisdotter Røysland og Olav Torgrimsson Haugen frå Gjerstad. Han voks opp hjå mora og morsøstera. I barndomsheimen var det mykje song og felespel, og mora og bestemora song.

Då Talleiv vart vaksen gjekk han eit år på Telemark Folkehøgskule i Kviteseid, og arbeidde ei tid ved gruva i Åmdals verk. Seinare gjekk han på Voss Folkehøgskule, men kom ikkje inn på lærarskulen. Han reiste då til Oslo for å koma i urmakarlære.

I 1932 vart Talleiv Røysland tilsett som vaktmeister i Bygdelagssamskipnaden, Heimen for landsungdom i Oslo. Her vart han til han gjekk av med pensjon, og året etter gifte han seg med Borghild Fjeld frå Solør.

I åra som følgde, vart Talleiv ein viktig kontaktperson for folkemusikarar og spelemenn som skulle til byen. Han var sjølv særleg oppteken av slåttespel, og lydde "interessera" på når det var spel å høyre. Han heldt seg mest til tradisjonen frå Telemark, men spela heller lite sjølv. Det vart snart kjend at han var ein dugande slåttetrallar, og kunne mange slåttar og slåttestev. Då NRK byrja med faste folkemusikksendingar, vart ofte Talleiv som vart send ut for å møte dei tilreisande spelemennene og varme dei opp. Han vart ein god ven av Eivind Groven og fast gjest i huset der i mange år.

Det tok likevel tid før Talleiv Røysland vart kjend, og han stod ikkje på scena sjølv før i 1951. Då song han på eit stemne på Norsk folkemuseumbygdøy, og same hausten song han første gong i radio. Frå 1951 og fram til 1973 vart det gjort mange opptak med Talleiv Røysland, og desse er ei viktig kjelde for yngre kvedarar i Noreg.

I 1960-åra gjorde Talleiv òg nokre plateinnspelingar, i ei serie med EP-plater som vart utgjeve i samarbeid mellom NRK og RCA.

Borghild, kona hans, døydde i 1979, og Talleiv Røysland vart heidersmedlem av Landslaget for spelemenn i 1981, før han døydde same hausten i Grungedal,. Han vart gravlagd på kyrkjegarden i Lårdal 22. september.

Personlegdom og stil[endre | endre wikiteksten]

Talleiv Røysland er hugsa som ein ihuga forkjempar for målsaka og folkemusikken.[1] Han vart kjend av di han tralla til arbeidet tidleg og seint, og for ein rad saftige replikkar som vart ståande etter han. Han var heimekjær og vitja Lårdal minst ein gong i året så lenge han levde.

Dagne Groven Myhren skriv slik om Talleiv:

Talleiv var ein kampfelle utan svik når det galdt det han trudde på og var glad i. Når far (Eivind Groven) måtte stri med uforstand i hovudstaden og døyve spott og lått for folkemusikken i radio i åra før krigen, hadde han ein våpendragar i Talleiv. Han kunne til og med rykkje ut i avisene når det vart for gali. Han elska folkemusikk og felespel. «Eg er so interessera at det er reint avskyeleg," siterte far etter Talleiv. Når folkemusikkhalvtimen gjekk på lufta laurdags ettermiddag, direkte den gongen, møtte han opp i studio og var publikum for spelemennene...»

Elles var Talleiv Røysland ein noko einfaldig kar med eit stort barnesinn. Talleiv var elles hugsa for ein fantasirik språkbruk, og oppfinnsam bannskap når han vart harm eller oppøst av andre grunnar. Faste uttrykk var «Gud fader» eller sterkare «Gud Fader i Helvete». Den mest kjende remsa han kom med var i høve ein spelemann han tykte særs godt om: «Å, guds død og salte pine i heite Helvete håss godt`n spela!»

Stilistisk var han svært oppteken av trallinga og slåttestev-visene. Desse kunne han mange av. Det hende mange gonger at han laga tralling til viser der det opphavleg ikkje hadde vore nokon slått, slik som i Pål sine høner, eller Eivind Ålandslid. Nokre vender laga han og tonar sjølv, for det meste enkle melodiar i dur. Trallinga hans var tufta på slåttespelet frå Telemark, men han brøytte ofte på rytmen og fristilte han, slik at det ikkje nett vart høvande til dans. I tradisjonen etter Talleiv har nokre lagt vinn på å ta vare på dette særdraget. Talleiv kjende slåttane, og song aldri likt frå gong til gong. Dette særdraget er ikkje godt ivareteke i opptaka, der han for det meste gjorde eit opptak av kvar song.

Talleiv var ein sjeldan stor formidlar på scena, og slo gjerne ut med armane når han nådde høgdepunkta i visa, for å femne heile tilhøyrarskaren.

I arbeidet kunne det vera han trong hjelp, og når han stod fast, ringte han ein annan vaktmeister, spelemannen Kjetil Løndal i Casparisgate.

Spelemannslaget Sullarguten gav ut ei bok i høve hundreårsminnet for Talleiv i 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Talleiv Røysland. Spelemannslaget Sullarguten. 1997. s. 35.