Talord
Talord er tal uttrykte med ord i staden for siffer.
Å skrive tal med ord vert mest nytta med ordenstal/rekkjetal, til dømes: den fyrste desember - 01.12, heiltal og dei naturlege tala 0-9.
Innhaldsliste |
Skrivereglar [endre]
Små tal vert vanlegvis skrivne vanlegvis med bokstavar, spesielt dersom det ikkje er naturleg å spesifisera brøkdelar. Det er inga klår grense for å skilja mellom små og store tal, men tal til og med tolv reknast vanlegvis som små.
- Eg har vore i Kina fire gongar.
- Fjerde gongen drog eg til Beijing.
Dersom ein oppgjev brøkdelar eller det kan vera mogleg å oppgje brøkdelar, kan ein nytta siffer for små tal òg.
- Toget går om 3 minutt.
- Høgda er 3,5 meter.
Omtrentlege tal vert helst skrivne med bokstavar.
- Han er om lag seksti år.
Ved bruk av forkortingar for måleeiningar talordet vert talordet skrive med siffer. Når måleeininga ikkje er forkorta kan ein velja mellom bokstavar eller siffer.
- Loddet veg 3 kg.
- Han hoppa lett 5 meter.
- Elva var tre meter brei.
Talord under 100 vert skrivne som eitt ord, medan talord over 100 vert delte.
- Han er tjuefire år.
- Tre tusen fire hundre og femtito.
Firesifra tal vert i tekst skrivne utan mellomrom, medan større tal skal ordnast i grupper på tre siffer, rekna frå høgre.
- Rett svar er 5356.
- Huset kosta 4 556 000 kroner.
Desimalar vert skilte ut med hjelp av komma
- Pi er om lag lik 3,14.
Tala [endre]
0 - Null
1 - Ein
2 - To - Eitt par
3 - Tre
4 - Fire
5 - Fem
6 - Seks
7 - Sju
8 - Åtte
9 - Ni
10 - Ti
11 - Elleve
13 - Tretten
14 - Fjorten
15 - Femten
16 - Seksten
17 - Sytten
18 - Atten
19 - Nitten
20 - Tjue - Eitt sneis
21 - Tjueein - Einogtjue
22 - Tjueto - Toogtjue
23 - Tjuetre - Treogtjue
24 - Tjuefire - Fireogtjue - To dusin
25 - Tjuefem - Femogtjue
26 - Tjueseks - Seksogtjue
27 - Tjuesju - Sjuogtjue
28 - Tjueåtte - Åtteogtjue
29 - Tjueni - Niogtjue
30 - Tretti
31 - Trettiein - Einogtretti
32 - Trettito - Toogtretti
33 - Trettitre - Treogtretti
34 - Trettifire - Fireogtretti
35 - Trettifem - Femogtretti
36 - Trettiseks - Seksogtretti
37 - Trettisju - Sjuogtretti
38 - Trettåtte - Åtteogtretti
39 - Trettini - Niogtretti
40 - Førti - To Snes
42 - Førtiein - Einogførti
42 - Førtito - Toogførti
43 - Førtitre - TreogFørti
44 - Førtifire - Fireogførti
45 - Førtifem - Femogførti
46 - Førtiseks - Seksogførti
47 - Førtisju - Sjuogførti
48 - Førtiåtte - Åtteogførti
49 - Førtini - Niogførti
50 - Femti
60 - Seksti
70 - Sytti
80 - Åtti
90 - Nitti
100 - Hundre - Eitt hundre
101 - Hundre og ein
102 - Hundre og to
103 - Hundre og tre
104 - Hundre og fire
105 - Hundre og fem
106 - Hundre og seks
107 - Hundre og sju
108 - Hundre og åtte
109 - Hundre og ni
110 - Hundre og ti
1000 - Eitt tusen - Tusen
1001 - Eitt tusen og ein - Tusen og ein
1100 - Eitt tusen eitt hundre
1101 - Eitt tusen eitt hundre og ein
10 000 - Ti tusen
20 000 - Tjue tusen
30 000 - Tretti tusen
40 000 - Førti tusen
50 000 - Femti tusen
100 000 - Eitt hundre tusen - Hundre tusen
101 000 - Eitt hundre og eitt tusen
101 100 - Eitt hundre og eitt tusen eitt hundre
101 101 - Eitt hundre og eitt tusen eitt hundre og ein
1 000 000 - Ein million
1 000 000 000 - Ein milliard
1 000 000 000 000 - Ein billion
1 000 000 000 000 000 - Ein billiard
1 000 000 000 000 000 000 - Ein trillion
1 000 000 000 000 000 000 000 - Ein trilliard
Ordenstal - Rekkjetal [endre]
1 - Fyrste | Første
2 - Andre
3 - Tredje
4 - Fjerde
5 - Femte
6 - Sjette
7 - Sjuande
8 - Åttande
9 - Niande
10 - Tiande
11 - Ellevte
12 - Tolvte
13 - Trettande
14 - Fjortande
15 - Femtande
16 - Sekstande
17 - Syttande
18 - Attande
19 - Nittande
20 - Tjuande
21 - Tjuefyrste - Einogtjuande
22 - Tjueandre - Toogtjuande
23 - Tjuetredje - Treogtjuande
24 - Tjufjerde - Fireogtjuande
25 - Tjuefemte - Femogtjuande
26 - Tjuesjette - Seksogtjuande
27 - Tjuesjuande - Sjuogtjuande
28 - Tjueåttande - Åtteogtjuande
29 - Tjueniande - Niogtjuande
30 - Trettiande - Tredevte
31 - Trettifyrste - Ein og trettiande
32 - Trettiandre - To og trettiande
33 - Trettitredje - Tre og trettiande
34 - Trettifjerde - Fire og trettiande
35 - Trettifemte Fem og trettiande
36 - Trettisjette - Seks og trettiande
37 - Trettisjuande - Sju og trettiande
38 - Trettiåttande - Åtte og trettiande
39 - Trettiniande - Ni og trettiande
40 - Førtiande
41 - Førtifyrste - Ein og førtiande
42 - Førtiandre - To og førtiande
43 - Førtitredje - Tre og førtiande
44 - Førtifjerde - Fire og førtiande
45 - Førtifemte - Fem og førtiande
46 - Førtisjette - Seks og førtiande
47 - Førtisjuande - Sju og førtiande
48 - Førtiåttande - Åtte og førtiande
49 - Førtiniande - Ni og førtiande
50 - Femtiande
60 - Sekstiande
70 - Syttiande
80 - Åttiande
90 - Nittiande
Datoar og årstal [endre]
Årstal kan skrivast på fleire måtar; til dømes:
- 1988 - Nitten hundre og åttiåtte
- 1988 - Nittenåttiåtte
Datoar kan òg skrivast på fleire måtar; til dømes:
- Den 1. april - Den fyrste april
- 01.04 - Den fyrste i fjerde
Kjelder [endre]
- Språkrådet
- Bok - Skriveregler av Finn-Erik Vinje 1.utg. 1973, 8. utg 2006 Aschehoug Oslo ISBN 978-82-03-32936-4