Talvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Talvik (kvensk: Talmulahti) er ein tettbygd stad i Alta kommune i Finnmark, og ein tidlegare kommune. Tettstaden ligg på vestsida av Altafjorden, få kilometer nordvest for Alta by. Grunnkrinsen Talvik har 452 innbyggjarar (2006).

Fram til 1917 var Talvik eit senter for pomorhandelen i Vest-Finnmark.

I 1920 vart det statleg finansierte «Talvik tuberkulosehjem og barnekoloni» oppretta. Heimen vart tvangsevakuert i 1944 og nedbrent av dei tyske okkupantstyrkane. Sjukehuset vart då midlertidig oppført på Mo i Rana, på staden som i dag vert kalla Talvikparken, og pasientane vart overførte dit. Alle husa i Talvik vart sett i brann og brann ned, berre kyrkja stod att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]