Berbiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tamazightiske språk)
Berbiske språk
tutlayin timaziɣin
Klassifisering afroasiatiske språk

    berbiske språk

Bruk
Tala i Marokko, Algerie, Tunisia, Libya, Egypt, Niger, Mali, Tsjad, Burkina Faso og Frankrike.
Område Magreb
Berbiske språktalande i alt om lag 20-25 mill.
Rangering
Skriftsystem Arabiske eller latinske bokstavar
Offisiell status
Offisielt språk i
Normert av
Språkkodar
ISO 639-2 ber

Berbiske språk (tamazight: tutlayin timaziɣin, skreve med tifinagh: ⵜⵓⵜⵍⴰⵢⵉⵏ ⵜⵉⵎⴰⵣⵉⵖⵉⵏ, fransk: langues berbères) er ei språkgruppe som høyrer inn under afroasiatiske språk. Dei ymse tamazightiske språka vert tala over heile Maghreb, frå Kanariøyane (no utd.) i vest, til Egypt i aust og Burkina Faso i sør.

I Europa vart ordet «berbar» ofte nytta.[1] Dette ordet stammar frå det greske ordet bárbaroi βάρβαροι, som opphavleg tydde utlending som tala eit uskjøneleg språk, men som etter kvart kom til å tyda ein ukulturert og/eller ukunnig person. Under romersk okkupasjon av Nord-Afrika vart ordet bárbaroi latinisert, til barbari. Då arabarane innvaderte Magreb, arabiserte dei ordet til al-barbar البربر, noko som franskmennene igjen galloiserte til berbères då dei okkuperte området.[treng kjelde]

Det er om lag 20–30 ulike språk i denne gruppa (litt etter korleis ein reknar), som for det meste ikkje er innbyrdes forståelege.

Klassifisering av berbiske språk[endre | endre wikiteksten]

Utbreiinga til dei berbiske språka. Mørkeblå: tamasheq. Lyseblå: tashlhit. Mørk purpur: tamazight. Gul: tarifit. Oransje: Sahara-tamazightisk (znaga, tumzabt, tasiwit). Lys purpur: haqbaylit (chenoua). Raud: taqbaylit. Grøn: tashawit.
Tamazightisk- og arabiskspråklege område i dei nordaustlege delane av Algerie.

Å klassifisere dei individuelle tamazightiske språka er ikkje lett, noko som har gjeve seg utslag i at klassifiseringa har variert ein god del det siste hundreåret. For tida verkar det som det er rimeleg semje om følgjande klassifisering:

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Språkrådet har vedteke at det skal heite berbarnynorsk, med adjektivet berbisk.
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.