Tambukansjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tambukan Lake
Tambukan Lake -
Stad Nord-Kaukasus
Koordinatar 43°57′31″N 43°9′42″EKoordinatar: 43°57′31″N 43°9′42″E
Tilknytte land Russland
Overflateareal 1,87 km²

Tambukansjøen (russisk Тамбукан) er ein innsjø med bitter-salt vatn i Nord-Kaukasus i Stavropol kraj og Karatsjajevo-Tsjerkessia i Russland, om lag 8 km frå Pjatigorsk. Innsjøen har eit areal på 1,87 kvadratkilometer og eit djup som varierer frå 1,5 til 3,1 meter. Om lag ein to tredjedelar av innsjøen ligg i Karatsjajevo-Tsjerkessia. Botn av innsjøen er eit tjukt gjørmelag, og gjørma har sidan 1886 vore nytta til gjørmebehandling i institusjonar i Jessentuki og andre terapeutiske gjørmebad i regionen. Desse gjørmebada har vorte nytta av kjende personar som Fjoodor Tsjaliapin, Anton Tsjekhov og Leo Tolstoj.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1395 tok krigsherren Timur eit bad i Tambukansjøen. Den kabardiske fyrsten Murazarbek Tambiev slo den krim-tyrkiske hæren nær innsjøen i 1709. Ordet Tambukan kjem frå det tyrkiske ordet Tambu qanı og tyder «Tambiev sitt blod» eller «Tambiev sitt asyl».

I 1717 sende Peter den store lækjaren sin Sjober på ein ekspedisjon til Tambukan for å hente medisinsk vatn og gjørme.

Den første vitskaplege skildringa av Tambukansjøen vart gjort av Guldenschtedt i 1773.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]