Tamilsk nyttår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Varudapirappu (frå tamil வருடபிறப்பு [varuḍapirappu], årsfødsel) er namnet til den tamilske nyttårsdagen. Varudapirappu fell vanlegvis på den 13., 14. eller 15. april kvart år.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at varudapirappu eigentleg byrja som ei feiring av vårjamdøgn, men høgtida kjem no litt seinare fordi den tamilske kalenderen har flytta seg over hundreåra. I dag trur tamilar at varudapirappu merkjer dagen då Gud skapa verda. Det er difor ei tid for nye byrjingar, og for å gje takk til alt og alle. Tamilar plar feira varudapirappu med familien, og det er vanleg å reisa heim til landsbyen sin for å feira denne dagen.

Feiringsmåter[endre | endre wikiteksten]

Førebuingane til feiringa[endre | endre wikiteksten]

Varudapirappu blir enno feira på tradisjonelt vis, hovudsakleg saman med familien. Før varudapirappu må ein skrubba grytene til dei skin, og setta dei til sides for å førebu det første måltidet i det nye året. Ein må rydda, vaska og reinsa huset, og pynta det med toranam, lenkjer av mangolauv, over dørene. På nyttårsdagen lagar folk også spesielle kolam, ei slags teikning på bakken med rismjøl, for å ønskja alle velkommen inn.

kanni, det gode synet[endre | endre wikiteksten]

Tamilar trur at slik det går den første dagen, slik skal det gå det heile året. Nyttårsdagen må derfor byrja ved soloppgang med «kanni», ‘godt syn’. I landsbyane i gamle dagar pla folk gå ut i hagen sin og sjå på frukt, blomar og nøtter (især kokosnøtter); fordi naturen er sett på som heilag i tamilsk kultur. Bybuarar som ikkje kan gjera dette ser i staden på riskorn, grønsaker eller kokosnøtter i huset.

pucai, den religiøse velsigninga[endre | endre wikiteksten]

Ein kutthuvilakku

Etter kannien byrjar dei religiøse handlingane. Hindutamilar reiser til eit tempel eller bed heime. Dei som bed heime bryt ei kokosnøtt, kveikjer kutthuvilakku (ei nedarva oljelampe) og førebur niraikudum, ei messinggryte fylt med vatn og med ei brun kokosnøtt oppå og mangolauv rundt seg. Så skvettar den eldste mannen i familien litt maruthunír — vatn kokt med spesielle urter, blomar, lauv, og litt mjølk og safran - på alle i familien for å velsigna dei. Kristne tamilar og muslimske tamilar, som òg feira varudapirappu, plar drar til kyrkja eller moskéen. Mange kristne kyrkjer har spesielle høgtidelege gudstenester for varudapirappu.

kaivisésam og érmangalam[endre | endre wikiteksten]

Etter velsigninga gjer alle det dei vil gjera i det nye året. Elevane les ei bok, bøndene arbeider litt på åkrane sine, forretningsmenn gjer eit symbolsk sal, og så bortetter. Denne seremonien heiter érmangalam. Det tyder bokstavleg «plogsigning», og fortel om fortida då dei fleste tamilane var jordbrukarar. Dei yngste barna får kaivisésam — pengar eller andre gåver, eit symbol på framtidig rikdom.

Nyttårsmåltidet og selskapet[endre | endre wikiteksten]

Etter at alle seremoniane er ferdige er det vanleg for heile familien å sitja i lag og snakkar om alt som skjedde i fjor og som dei skal gjera i det nye året. Dei førebudde grytene blir brukt for å laga eit stort måltid. Maten inkluderer vanlegvis ein spesiell rett som heiter sambol eller mangáypacchadi, som er laga av umogne mangoar, pannaivellam (eit slag uraffinert palmesukker), og vépapú (margosablomar) - søtt, surt og bittert på den same tida, for å minna folk om at slik skal livet vera kvart år. Dette selskapet er berre for familien, men etterpå går folk rundt for å vitja venner og andre slektningar. Det blir sett på som bra å enda fiendskap den dagen, fordi dagen er for vennskap.

Helsingar[endre | endre wikiteksten]

  • புத்தாண்டு வாழ்த்துகள், uttalt 'potthándu válttuhal' («nyttårshelsingar!»)
  • இனிய புத்தாண்டு நல்வாழ்த்துகள், uttalt 'innije potthándu nalválttuhal' («gode ønskjer for det nye året!»)