Marsvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tammarsvin)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Marsvin (fleirtyding).
Marsvin
Marsvin
Marsvin
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Infraorden: Hystricognathi
Familie: Marsvinfamilien Caviidae
Underfamilie: Caviinae
Slekt: Cavia
Art: Marsvin C. porcellus
Vitskapleg namn
Cavia porcellus

Marsvin (Cavia porcellus) er eit husdyr i marsvinslekta (Cavia), og er eit utbreidd kjæledyr. Namnet marsvin kjem frå tysk og tyder 'svin frå havet' eller 'oversjøisk svin', etter at marsvin blei frakta til Europa over havet frå Sør-Amerika.

Marsvinet har ein viktig rolle i fleire søramerikanske kulturar, særleg som matkjelde, men også innan folkemedisin og i religiøse ritual. Forsking tyder på at tammarsvinet er danna som ein hybrid av nærskulde artar som Cavia aperea, C. fulgida eller C. tschudii.

Eittårig marsvin.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Marsvin er store gnagarar som kan vega mellom 700 og 1200 gram og ha ei lengd på mellom 20 og 25 centimeter.[1]

Langhåra marsvin.

Marsvinpels finst i ulike typar og fargar. Marsvin kan vera einsfarga, to- eller trefarga. Brun, oransje, svart og kvit farge er vanleg. Dei vanlegaste pelstypane er korthåra, abyssinar der håra er ordna i rosettar, og langhåra peruanar. Det finst òg ulike framavla pelsvariantar, som texel, merino, sheltie og rex.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Dyra er drektige i rundt 9 veker, og har som regel kull på tre ungar. Dei kan forplanta seg frå dei er rundt ein månad.

Marsvin blir vanlegvis 4-5 år gamle, men ein del blir opptil 8 år.[2] Verdas eldste marsvin ifølgje Guinness rekordbok frå 2006 blei 14 år og 10,5 månader gammalt.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«marsvin» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar
  1. Vanderlip, Sharon (2003), The Guinea Pig Handbook, Barron's, s. 13, ISBN 0-7641-2288-6  ifølgje Engelsk Wikipedia.
  2. Richardson, V.C.G. (2000), Diseases of Domestic Guinea Pigs (2nd utg.), Blackwell, s. 132–133, ISBN 0-632-05209-0  ifølgje Engelsk Wikipedia.
  3. Craig Glenday, red. (2006), Guinness Book of World Records, Guinness World Records Ltd., s. 60, ISBN 1-904994-02-4  ifølgje Engelsk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]