Tanaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tanaelva
Sommarnatt på Tanaelva
Sommarnatt på Tanaelva
Utspring Finland
Munning Tanafjorden
Land i nedslagsfelt Noreg, Finland
Lengd 348 km
Renn gjennom Karasjok, Tana

Tanaelva, på nord-samisk Deatnu, finsk Teno («Storelva»), er ei 348 kilometer lang elv, den femte lengste i Noreg [1], som renn gjennom kommunane Karasjok og Tana i Finnmark. Over 256 kilometer av elva utgjer grensa til Finland.

Elva er kjend for laksefisket og er den største lakseelva i Noreg. Tanaelva har verdsrekorden for den største atlantiske laksen teken på stong. Han vog 36 kilo og vart teke i 1929.

Tana bru blei bygd i 1948 og har eit hovudspenn på 195 meter. Ho er den lengste mjuke hengebrua i Noreg. Grensepassering til og frå Finland skjer ved Polmak og over Samelandsbrua ved Utsjoki.

Elva munnar ut i Tanafjorden. Tanamunningen er eit av dei størst urørte deltaområda i Europa.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norges vassdrags- og energidirektorat: Dei lengste elvane i Noreg