Tandberg Television
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tandberg Television ASA er eit leiande selskap innan utvikling og levering av digital TV og satellittutstyr. Rundt 1999 kjøpte dei ein del av Rupert Murdochs NewsCorp som inkluderte ei utviklingsavdeling i Storbritannia, noko som i fleire år etterpå førte til underskot. Mykje av utviklinga i Tandberg Television vart flytta til Southampton i England, men selskapet har framleis noko verksemd i Tandberg-bygga på Lysaker.