Tanera Mòr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tanera Mòr
Geografi
Tanera Mòr is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°0′16″ N 5°23′57″ WKoordinatar: 58°0′16″ N 5°23′57″ W
Øygruppe Summer Isles
Areal 3,10 km²
Høgaste punkt Meall Mòr (124 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Highland
Demografi
Folketal 5 (2001)
Folketettleik 1,6 /km²

Tanera Mòr (skotsk-gælisk Tannara Mòr) er ei øy i Loch Broom i Indre Hebridane i Skottland. Ho er den største av øyane i Summer Isles og den einaste busette øya i øygruppa. Tanera Mòr er kjend for sine eigne frimerke og som staden der handlinga i boka til Frank Fraser Darling, Island Years, finn stad.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nordover frå Rubh' Ard-na-goine på Tanera Mòr. Landsbyen Polbain ligg på fastlandet i bakgrunnen.

Tanera Mòr er rundt 310 hektar stor og det høgaste punktet er Meall Mòr på 124 meter over havet. Berggrunnen på øya består av torridonsk sandstein dekt av torv og beitemark.

Postkontoret og kafeen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya var ei hamn for sildefiske og vart hardt råka då sildeindustrien gjekk dårleg. Det låg to busetnader på øya, Ardnagoine og Garadheancal.

I 1881 var det minst 118 menneske på Tanera Mòr, men alle hadde reist i 1931. Sidan den gong har det berre periodevis vore fast busetnad her. I 2001 budde det fem menneske på øya. Mange av dei gamle hyttene er reonverte og vert i dag nytta som feriehus.

Anlegg og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Det ligg eit anlegg for lakseoppdrett ved Tanera Mòr, fleire feriehus, ein liten segleskule, ein kafe og eit postkontor som har gjeve ut eigne frimerker sidan 1970. Øya har ingen vegar. Det går båt til øya frå Achiltibuie i Wester Ross og Ullapool.

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Øya har mange forskjellige blomar, sidan det ikkje har vore beite på øya dei siste 25 åra. På nordsida finn ein orkidear og nattfiolar. Det finst ein del oter, kobbe og gråsel, og om sommaren er det mogeleg å sjå brugder og niser. Av fuglar finn ein ærfugl, fiskehegre, skotsk lirype og musvåk.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]