Tang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tang i fjøra ved Boreraig på den skotske øya Skye.

Tang (norrønt þang) er ei daglegdags nemning for ulike brunalgar og ein del raudalgar som lever øvst i fjøremålet i havet. Tare veks typisk djupare. Dei fleste tang- og taretypane høyrer til i ordenane Fucales og Laminariales

Tang er ei koloniorganisme, enkelte artar kan verte fleire meter lange. Han fester seg normalt til sjøbotnen eller til ein stein og veks derifrå. Tang lever frå tidvassbeltet og til så djupt det er lys nok, i alle havområde. Fargen er oftast grønbrun eller brungrøn, men delar av plantane kan vere gulaktig. Ein del artar utviklar blærer som vert fylt med luft og bidreg til å halde planten oppreist i vatnet.

Tang- og tarebelta er viktige skjulestader for mange arter små sjødyr og fiskelarver som finn ly mot svoltne vekstar og dyr, samstundes er det godt med næring for dei.

Det finst mange ulike sortar tang og tare, til dømes havsalat, grisetang, blæretang og sagtang.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Tang som har drive i land på strendene, vart tidlegare brukt som gjødsel på åkrar og som dyrefôr. I tillegg vart tangen brukt som isolasjon i husvegger og taket i staden for halm. På 1700-talet byrja ein brenna tang og tare for å vinna ut stoff dei var rike på. Oska blei først brukt til soda som blei brukt i glasindustrien. Seinare vann ein ut jod frå oska. I dag vinn ein ut alginat frå tang og tare. Ein del typar blir også brukt som mat for menneske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«tang – havalge» i Store norske leksikon, snl.no.