Tangloppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tanglopper)
Amfipodar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Underklasse: Eumalacostraca
Overorden: Peracarida
Orden: Amfipodar Amphipoda
Latreille, 1816

Tanglopper eller amfipodar er ei stor og artsrik krepsdyrgruppe som hovudsakleg lever i havet. Somme artar finst òg i ferskvatn eller på land. Gruppa omfattar nesten 8000 beskrivne artar, om lag 400 av dei er registrert i norske farvatn.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Tanglopper flest er flattrykt frå sidene, med ryggen i boge som ein markert kjøl. Dei har 5-6 par gangbein i tillegg til 1-2 par gripeføter og 3 par symjebein. Bakst på kroppen har dei tre par uropodar, som definerer gruppa. Til skilnad frå mange andre krepsdyr manglar dei ryggskjold (carapax) og har som regel klar differensiering mellom mellom- og bakkropp.

Storleiken til tangloppene ligg vanlegvis mellom 2 og 60 mm, men somme djuphavsartar kan oppnå lengder på heile 30 cm.

Å artsbestemma tanglopper er rekna som særs vanskeleg.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Tanglopper er ei stor og mangfaldig gruppe organismar som utnyttar eit breitt utval av nisjar. Dei fleste artane er bentiske og vert ofte funne i samband med tang eller hydroidar, andre artar lever pelagisk frittsymjande eller kommensalt. Nokre få artar lever òg parasittisk.

Underordenar[endre | endre wikiteksten]

Kroppsbygnaden til ein typisk amfipod. 1. Pleopodar, 2. Telson, 3. Uropodar, 4. Første antennepar, 5. Rostrum/pannehorn, 6. Bakerste gangbein, 7. Gripeføter eller gnathopodar, 8. Andre antennepar, 9. Hovudet 10. Mellomkroppen/pereon/thorax 11. Bakkropp/pleon/abdomen 12. Pleosom 13. Urosom 14. Fasettauge

Gammaridea er den vanlegaste underordenen tanglopper, og omfattar 5700 artar. Alle ferskvassformene høyrer til her. Slekta Gammarus omfattar nokre av dei viktigaste tangloppene både i fjæra og i norsk ferskvatn.

Corophiidea eller spøkelseskreps har langstrakte, sylindriske kroppar med færre lemmar enn andre tanglopper. Ein kjenner til 13 artar ved norskekysten, og dei fleste lever kommensalt på botnlevande organismar i område med mykje straum eller bølgjer. Nokre er òg parasittiske, t.d. kvallus Paracyamus boopis.

Hyperiidea lever pelagisk og vert kjenneteikna av enorme augo som dekkjer nesten heile hovudet. Mange av artane er kommensialistar eller parasittarmanetar eller salpar, men heilt frittsymjande former finst òg. Dei fleste hyperidane finst helst på litt djupare vatn.

Ingolfiellidea er den minste underordenen og omfattar berre to familiar. Dei er ikkje kjend frå norske farvatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]