Tangshan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tangshan si plassering i Hebei
Minnesmerket over ofra for 1976-jordskjelvet i Tangshan

Tangshan (kinesisk skrift 唐山, pinyin Tángshān) er eit byprefektur i provinsen Hebei ved den kinesiske kysten mot Gulehavet. Prefekturet har eit areal på 13 472 km² og om lag 7,1 millionar innbyggjarar.

Byprefekturet Tangshan består av seks distrikt, to byfylke og seks fylke. Byen Tangshan ligg ca 135 km aust for Beijing og nordaust for Tianjin. Tangshan har stor porselensindustri og vert kalla for porselenshovudstaden i Nord-Kina.

Den 28. juli 1976 råka det mest dødelege jordskjelvet i det 20. hundreåret prefekturet, jordskjelvet i Tangshan. Over 242 000 menneske omkom.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Tangshan er stoppestad på den viktige jarnbanelinja Jinghabanen som går frå Beijing til Harbin via mellom anna Tianjin, Shenyang og Changchun.

Riksveg 112 i Kina, ein ringveg som går rundt Beijing byprovins, fører gjennom området. Også Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Han byrjar i Shanhaiguan og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Undervegs går han gjennom Tianjin, Zibo, Huai'an, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]