Tangstikling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tangstikling
Tangstikling
Tangstikling
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Cottoidei
Infraorden: Gasterosteales
Familie: Stiklingar Gasterosteidae
Slekt: Spinachia
Art: Tangstikling S. spinachia
Vitskapleg namn
Spinachia spinachia

Tangstikling (Spinachia spinachia) er ein stiklingfisk som finst i salt- og brakkvatn frå Biscaya til Nord-Noreg, i tillegg til sørkysten av Island og i Austersjøen. Han er sjeldan nord for Lofoten.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Tangstiklingen er ein relativt avlang fisk med slank kroppsbygnad. Både snuta og halen er lang. Langsetter kroppssida har han lengdekjølar som består av 40-50 beinplater. Framfor ryggfinnen har han 14-17 frittståande piggar som peikar vekselvis til høgre og venstre. Gattfinnen og ryggfinnen er heilt symmetriske og dannar ei «vifte».

Hannen og hoa skil seg på at brystfinnane til førstnemnde når heilt bak til dei særs reduserte bukfinnane.

Tangstiklingen er som regel 8–14 cm lang, men kan i sørlege delar av utbreiingsområdet bli så lang som 20 cm.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Tangstiklingen lever, som namnet tilseier, mellom tang og ålegras ned til om lag 10 m djup. Han er godt kamuflert når han står stille i vatnet. Arten er ein rovfisk som et små virvellause dyr, egg og fiskeyngel.

Som andre stiklingar har tangstiklingen ein avansert gytebiologi. Hannen byggar eit reir i ei tangkvase av algetråder han syr saman med eit klebrig limstoff han skil ut or nyrene. Gytesesongen er frå april til juni, og fiskane er monogame. Etter ein spesiell paringsdans lokkar hannen hoa inn i reiret, kor ho legg 150-200 egg. Kort tid etter døyr ho. Hannen heldt vakt over egga til dei vert klekte etter eit par vekers tid, og vert ofte verande og halda vakt over yngelen vidare. Hannane døyr som regel etter 4-5 veker med total vakttid. Dette fell ganske godt saman med tida yngelen har brukt opp plommesekken sin.

«Vêrfisken»[endre | endre wikiteksten]

I gamle dagar nytta ein gjerne tangstiklingen til å spå vêret. Ein tørka fisken og hang han i vassrett stilling etter ei tynn snor.

Sidan fisken trekte til seg fukt i fuktig luft og vice versa, endra han tyngd ut frå luftfukta. Tyngdendringane førte til at snora vart dreidd i ulike retningar, noko som igjen førte til at sjølve fisken endra retning. Ein brukte himmelretninga fisken peikte mot til å avgjera om ein kunne venta regn eller ikkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna KOM forlag 2003
  • Dolmen, Dag: «Tangstikling» i Norges dyr - Fiskene 2 Cappelen 1992
  • Tangstikling i Artsdatabanken. Besøkt 11. juni 2022.