Tann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tann (fleirtyding).
Tennene til ein ilder.

Tenner er små, harde strukturar ein finn i munnen på ei rad virveldyr. Dei blir brukte som reiskap, mellom anna til å bita, tyggja og slåst med, og fleire andre tilleggsfunksjonar. Tenner er ikkje laga av bein, men er oppbygde av ulike vevstypar.

Fossil av tanna til ein kjøtetande dinosaur, Carcharodontosaurus saharicus.

Tenner er festa i under- og overkjeven gjennom røter. Dei har ulik utforming etter kva bruksområde dei har. Tynne og skarpe framtenner kan til dømes brukast til å bita hol i eller riva sund noko, medan tjukkare jekslar kan kverna bitar mindre. Større tenner, som hoggtenner eller støyttenner, kan brukast til å føla seg fram, grava i jorda eller slåst med. Hjå menneske vert tennene òg brukte som taleorgan.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «tann» eller «tonn», fleirtal «tenner», kjem frå norrønt tǫnn. Det greske ordet for tann, odont, har gjeve opphav til vitskaplege omgrep som odontologi. Det latinske ordet dens, med stomnen dent-, har òg gjeve ord knytte til tenner, som «dental».

Både det norske, latinske og greske ordet har sams opphav i indoeuropeisk *h₃dónts, og tyder i grunnen «etar».

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Ei oppskoren tann.

Ei tann er bygd opp lagvis. Det inste laget er pulpa, nerva. Utanpå kjem dentinet, som er ganske porøst. Ytst kjem den harde tannemaljen.

Pulpa, eller nerva, består av bindevev, nervar og blodårer og er heilt mjuk. Ho forsyner tanna med næring og fukt. Rundt pulpa finst 250-2500 nervefibrar som oppfattar smerte. Små endringar i blodgjennomstrømming gjev store endringar i det pulpale trykket, til dømes ved inflammasjonar. Viss ikkje tanna greier å få fjerna overskotet av væska og dermed ikkje det store trykket, vil tanna gå inn i nekrose, altså døy.

Dentin, òg kalla tannbeinet, utgjer hovuddelen av tanna. Dentinet inneheld mange små dentinkanalar som går frå pulpa inni tanna og ut til emaljen. I desse kanalane går også utstikkarar av celler i pulpa, odontoblaster. Desse utstikkarane lèt seg påverka av ulike former for irritasjon, og det er difor ein får smerter ved boring i tennene.

Emaljen kler normalt heile den synlege delen av tanna og er normalt meir eller mindre gjennomsiktig. Det er det hardaste vevet i kroppen og kan vere 1-2,5 mm tjukt. Emalje består av 96 % hydroksyapatitt, 1 % protein, der det meste er tuftelin, ameloblastin, og enamelin, og ca. 3 % vatn.

Peridontiet er støtteveva til tanna. Det består av tannkjøtet (gingiva), sement som dekker rota, periodontalt ligament og alveolart bein som festar tanna til kjevebeinet.

Sementen kler rota og er ikkje spesielt hard, men hardare enn vanleg bein. Sementen har ein vernande funksjon i tilhøve til rota. I tillegg vil fibrar frå det periodontale ligamentet laupe frå sementet og til det omliggende alveolar beina som igjen skal feste tanna til kjevebeinet. Det er to hovedtyper sement. Acellulær sement som ligg som det første sementlaget rundt heile rota, og cellulær sement som dekker først og fremst nedste 1/3 av rota og mellom røtene på jekslane. Sementen rundt tannroten er ikkje innervert av nokre nervar.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tann

Kjelder[endre | endre wikiteksten]