Tannstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tannstein er forkalka bakteriar (plakk) og mineral som legg seg som eit lag utanpå tennene. Tannstein legg seg særleg langs tannkjøtet på innsida av tennene i underkjeven.

Bakteriar festar seg lettare på tannsteinen enn på emaljen, noko som kan føra til bakterieinfeksjonar og dårleg lukt. Tannsteinen kan òg få ein mørk farge, som gjer at tennene ser skitne ut.

Tannstein kan førebyggjast ved grundig tannpuss, og det finst tannkremtypar som er spesielt utvikla for å hindra det. Når tannstein først har oppstått, må det fjernast av ein tannlækjar eller tannpleiar. Dette bør gjerast regelbunde. Tannlækjaren kan skrapa tannsteinen av med handverkty, eller fjerna det med ultralyd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]