Tanum i Bærum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tanum ligg vest i Bærum, på grensa til Asker. Området ligg på eit platå om lag 150 meter over havet og har rikt jordbruksland. Det ligg fleire store gardar her: Staver, Bjerke, Aas, Ringi gård og Tanum. Det er funne fleire graver frå jernalderen i området.

Området er mest kjent for Tanum kirke. Ved Bjerketun ligg Tanum asylmottak. Tanum barneskole ligg ved den sørlege utkanten av Tanum-platået og har god utsikt sørover mot Oslofjorden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]