Tanums store rettskrivningsordbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tanums store rettskrivningsordbok er ei norsk ordbokbokmål som har vore redigert av professor Jakob Sverdrup, rektor Marius Sandvei, Bernt Fossestøl og Boye Wangensteen. Den kom først ut på Johan Grundt Tanum Forlag og seinare på Kunnskapsforlaget.

Den første utgåva av oppslagsverket, gjeven ut under tittelen Norsk rettskrivningsordbok i 1940, vart byrja på av Jakob Sverdrup i 1936 og fullført av Marius Sandvei etter at Sverdrup døydde i 1938[1]. Etter dette har det komme ni nye utgåver av ordboka, og blant desse kom den tredje utgåva i 1961. Dei resterande utgåvene kom i 1974, 1979, 1983, 1989, 1996 og 2005. 1989-utgåva er kjend for å ha vorte trykt med feilaktig orddeling av tittelen på bokryggen («Tanums store rettskrivnings ordbok»)[2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Wangensteen, Boye (red.) 1996. Tanums store rettskrivningsordbok, åttande utgåva. Oslo, Kunnskapsforlaget: Innhaldslista
  2. Børsand, Amund, ed. «Tanum bør lese sine egne bøker». http://folk.uio.no/tfredvik/amo/ordbok.html. Henta 13. april 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]