Tapio Kantanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tapio Kantanen (fødd 31. mai 1949) frå Heinola er ein finsk, tidlegare friidrettsutøvar. Han vann bronsemedaljen på 3 000 meter hinder under Sommar-OL 1972. Kantanen sette finsk rekord under OL i Montreal på 8.12,6, rekorden stod i 33 år til Jukka Keskisalo sommaren 2009 sprang på 8.10,6 i Zürich. Kantanens personlege rekordar på fem- og titusenmeter er på høvesvis 13.34,2, sett i 1976, og 28.30,0, frå 1973.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kantanen slo gjennom nasjonalt då han i den finske meisterskapen i 1970 tok sølvmedaljen på 3 000 hinder på tida 8.43,0, eitt sekund bakom Mikko Ala-Leppilampi. I sitt snøggaste hinderløp for sesongen vart han klokka inn på 8.41,8, på 10 000 m noterte han seg for 29.43,6. Gjennom 1971-sesongen forbetra han dei personlege rekordane til 8.31,6 på 3 000 m hinder, 13.46,2 på 5 000 m og 29.03,2 på 10 000 m. I den finske meisterskapen i hinder vart han slått på målstreken av Pekka Päivärinta, begge fekk tida 8.34,0. Under EM 1971 på finsk heimebane vart han nummer fem i det fyrste av tre kvalifiseringsheat til finalen på tida 8.36,0, dei fire beste fekk plass i finalen

Sesongen 1972 sprang Kantanen seg inn i verdseliten på 3 000 m hinder. Tidleg i juni månad vart han i Helsinki klokka inn på 8.26,4, personleg bestetid med fem sekundar, men vart slått med knappe to sekund av den svenske rekordsetjaren, Anders Gärderud. I slutten av juni forbetra han persen til 8.25,6 då han vann eit nytt stemne i Helsinki. Midt i august møttet Finland og Sverige til friidrettslandskamp i nettopp Helsinki, og Gärderud spurtslo Kantanen med fire tidelar, men begge sette nasjonsrekordar med 8.23,0 og 8.23,4. Deretter var det klart for [[Friidrett under Sommar-OL 1972|Sommar-OL]9 i München, der Kantanen vann det fyrste av fire kvalifiseringsheat til finalen på 3000 meter hinder på sterke 8.24,8, 2,8 sekundar før Kipchoge Keino frå Kenya. I finalen vart han spurtslått av to kenyanarar, nemnde Keino tok gull på 8.23,6 framom Ben Jipcho, før Kantanen fekk notert 8.24,6. Ei vekes tid etter olympiaden måtte Kantanen enno ein gong sjå seg spurtslått av Gärderud, men begge kom i mål under verdsrekordtida til Kerry O'Brien frå Australia. Gärderuds verdsrekord lydde på 8.20,8 medan Kantanen si sluttid vart 8.21,0. Gjennom 1972-sesongen forbetra Kantanen elles dei personlege bestetidene på 5 000 m og 10 000 m til 13.42,0 og 28.38,8.

Kantanen forbetra i 1974 den personlege rekorden på hinderdistansen til 8.19,6. Til dess var han ein av seks løparar som hadde personleg rekord under 8.20,0. Dermed var han ein av medaljefavorittane til EM i Roma, men der var han sjanselaus i finalen og vart nummer 11. To år seinare gjorde han tidsmessig sitt beste løp nokon gong og vart klokka inn på 8.12,6. Likevel vart han berre nummer fire i ei tevling der Anders Gärderud sette ny verdsrekord med 8.08,0.

Frå 1972 vann Kantanen den finske meisterskapen på 3000 m hinder seks gongar på rad. Han tok elles sølvmedaljen på 10 000 m under 1973-meisterskapen. Her sette han personleg rekord på distansen med 28.30,0, vart slått av Pekka Päivärinta, men kom i mål 1,6 sekund føre bronsevinnaren, den regjerande olympiameisteren på distansen, Lasse Virén. Og så tok han ein ekstra medalje då han kom på bronseplassen på 5 000 m.

Både i 1978 og -79 vart det sølv i den nasjonale meisterskapen på yndlingsdistansen, fyrste året bak Ismo Tuokonen, i 1979 bak Tommy Ekblom. Kantanen kom tilbake på toppen då han i 1980 vann sitt sjuande finske meisterskap på 3 000 m hinder, framom nemnde Ekblom. Kantanen heldt fram å tevle nasjonalt til 1983, men dei siste åra trena han mindre og prestasjonane kunne ikkje måle seg med dei han oppnådde då han satsa for fullt.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott, aktuelle årgangar