Taqi al-Din
Taqi al-Din (1526–1585) تقي الدين محمد بن معروف الشامي السعدي) vert rekna som ein an dei store muslimske vitskapsmennene frå mellomalderen.
Ein er ikkje sikker på om Taqi al-Din vart fødd i Damaskus eller i Kairo. Han studerte teologi og skreiv fleire bøker om Islam. I 1571 flytta han til Istanbul, der han vart offisiell astronom for sultan Ottoman Selim II. Då Selim II døydde overtala han den nye sultanen, Murad III, til å bygga eit nytt observatorium i Istanbul. Det vart opna i 1577. Han var ihuga på å kunkurera med andre europeiske observatorium, spesilt eit dansk, der Tycho Brahe var direktør.
Då al-Din oppdaga ein komet, tok han det som eit teikn på at den ottomanske hæren ville vinna framtidige sigrar. Då dette viste seg å ikkje slå til vart sultanene rasande og i 1580 øydela han observatoriet.
Al-Din forska på mange fagfelt og ei av bøkene hans, الطرق السامية في الآلات الروحانية ('Sublime metodar spirituelle maskinar'), vart ei viktig bok innan muslimsk mekanisk tradisjon. I denne boka beskreiv han ei primitiv dampturbin.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Taqi al-Din frå Fransk Wikipedia.