Tara i Montenegro
| Tara | ||
|
|
||
| Utspring | Der elvane Ospanica og Veruša renn saman | |
| Munning | Drina | |
| Land i nedslagsfelt | Montenegro | |
| Lengd | 144 km | |
Tara (serbisk Ријека Тара / Rijeka Tara) er ei elv i Montenegro. Elva vert danna der elvane Ospanica og Veruša renn saman i Dei dinariske Alpane og renn 144 km nordover og renn i saman med Piva ved grensa til Bosnia-Hercegovina. Desse elvane dannar igjen Drina.
Tara har grave ut Tarakløfta, den djupaste kløfta i Montenegro og Europa med ei lengd på 78 km og eit djup på 1 300 meter på det meste. Kløfta er verna som ein verdsarvstad av UNESCO og er ein del av Durmitor nasjonalpark.
Dei bosniske og montenegrinske styresmaktene hadde planar om å byggje ei demning i Tarakløfta i samband med eit vasskraftverk i Drina, men planane vart skrinlagd i april 2005 etter sterke protestar. I september 2006 vart det derimot signert ein avtale mellom det slovenske selskapet Petrol og det montenegrinske selskapet Montenegro-bonus om å byggje eit anna vasskraftverk, trass i alle forsøka på å verne kløfta.
Tara må ikkje forvekslast med fjellet Tara og Tara nasjonalpark sør i Serbia.
Tara er ei populær elv for rafting, særleg i området gjennom Tarakløfta.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Tara River (Montenegro)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2008.