Tara i Russland

Koordinatar: 56°54′N 74°22′E / 56.900°N 74.367°E / 56.900; 74.367
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tara
Тара
Horisonten til Tara
Horisonten til Tara
Byåpenet til Tara
Byvåpenet til Tara


Plassering
Tara i Russland is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Omsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1594
1782
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

26 618
Koordinatar 56°54′N 74°22′E / 56.900°N 74.367°E / 56.900; 74.367
Tidssone
- Ved sommartid
OMST (UTC+6)
OMSST (UTC+7)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 38171
Bilnummer 55

Tara (russisk Та́ра) er ein by i Omsk oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 220 km nord-nordaust for Omsk, ved elva Irtysj.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd som eit fort i 1594, under Jermak sitt raid inn i Sibir og han er ein av dei eldste byane i regionen. Byen ligg ved staden der elva Tara renn saman med den større elva Irtysj. Tara fekk byrettar i 1782.

Tara er både eldre enn mange og var òg opphav til enkelte sibirske byar. Av desse er Omsk sjølv, der ekspedisjoner for å grunnleggje byen vart iverksett etter førespurnad frå vojevodaane (militære leiarar) i Tara så tidleg som på 1600-talet. Men store og viktige utbyggingaer, som Sibirvegen på 1700-talet og den transsibirske jernbanen på slutten av 1800-talet, vart lagt utanom Tara.

Tara har enkelte historiske kyrkjer som har overlevd til i dag. Byen var ein gong andre by i eparkiet til erkebiskopen av Tobolsk og Tara, som hadde autoritet over dei enorme sibirske områda. Han var òg administrativt senter for Tarskij ujezd i Tobolsk gubernija på 1700- 1800-talet, med jurisdiksjon òg over Omsk ein kort periode. På 1930-talet var byen senter i Tarskij okrug, ein del av det dåverande Omsk oblast, som strekte seg frå steppene til Arktis.

Etter 1943 har Tara vore administrativt senter for Tarskij rajon i Omsk oblast. Byen vert framleis nemnd i tittelen til erkebiskopen av Omsk og Tara, men no med autoritet innskrenka til berre Omsk oblast. Tara har òg fall nedover på lista over dei mest folkerike byane i regionen og er no etter Isilkul, Kalatsjinsk og Nazyvajevsk, alle byar langs den transsibirske jernbanen.

Etter 2000 har likevel Tara fått nokre økonomiske oppturar. Bygginga av ei permanent bru over Irtysj fullførte hovudvegen Tomsk–Tara–Tobolsk, ein nordleg parallell til jernbanen. Utforskinga og utvinninga av oljefeltet Krapivinskoje lengst nord i Omsk oblast har ført til auka tankbåttrafikk til Omsk, samt bygging av eit mindre lokalt raffineri.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.