Taransay

Koordinatar: 57°54′07″N 7°01′22″W / 57.902018°N 7.022843°W / 57.902018; -7.022843
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taransay
Lokalt namn Tarasaigh
Paible på Taransay.
Paible på Taransay.
Geografi
Taransay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°54′07″N 7°01′22″W / 57.902018°N 7.022843°W / 57.902018; -7.022843
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 14,75 km²

Høgaste punkt Ben Raah (267 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0 (etter 1974)

Taransay (skotsk-gælisk Tarasaigh) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho er kjend for å ha vore vertsøy for den britiske fjernsynsserien Castaway 2000. Øya var busett fram til 1974, og sidan den gong berre av ferierande. Taransay er den største øya i Skottland utan permanent busetnad.[1] Ho er ein hektar større enn Scarba, som heller ikkje er busett.

Stranda ved Paible på Taransay.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Taransay har tidlegare høyrt til Inverness-shire og ligg 3 km frå Isle of Harris. Mellom dei ligg Sound of Taransay. Ho høyrer til soknet Harris. Taransay er 6 km lang og på det breiaste 4,5 km. Ho er om lag 14,75 km² stor.

Taransay består av to 230 meter høge lyngkledde åsar med eit kvitt sandeid mellom. Buktene rundt øya består av sandstrender og machair.

Grunnfjellet består hovudsakleg av gneis med enkelte årer av granitt. Det høgaste punktet på øya er Ben Raah på 267 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Taransay var busett sidan år 300 e.Kr, og kanskje før. Kristendomen kom til øya rundt 650. I 900 vart øya erobra av vikingar, då dei invaderte Skottland. I 1554 fann Taransay-massakren stad utført av Morrison-familien frå Lewis. Innbyggjarane på øya Berneray tok hemn mot dette, tvinga Morrison-familien attende til ei klippe der dei vart avretta.

Taransay bestod ein gong av tre landsbyar, Raa, Uidh og Paible (Paibeil). Leiga auka i 1835 og dette førte til at folk flytte frå øya. I 1883 vart tilhøva verre då bøndene på øya ikkje lenger fekk lov å halde dyr eller dyrke verken havre eller bygg. Øya vart fråreist i 1942 og så busett på ny. I 1961 budde det berre ein familie på fem på øya, men dei flytte i 1974.[1]

Castaway[endre | endre wikiteksten]

Taransay vart godt kjend etter BBC-programmet Castaway. Programmet bestod av 36 personar som vart stranda på øya i eitt år frå 1. januar 2000. Programmet vart populært i mange land og hadde på det meste ni millionar sjåarar.[2] Programmet vart rekna som eit sosialt eksperiment som fokuserte på korleis denne gruppa fungerte som eit samfunn. 29 av dei 36 vart verande på øya heile året.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. Taransay.com, arkivert frå originalen 29. desember 2003, henta 3. mars 2010