Tarcisio Burgnich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tarcisio Burgnich
Tarcision Burgnich (til venstre) med Argentinas René Houseman under verdsmeisterskapen i fotball 1974.
Personleg informasjon
Fødd 25. april 1939
Fødestad Ruda
Død 26. mai 2021
Dødsstad Forte dei Marmi
Høgd 175 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1958–1960 Udinese 8 (0)
1960–1961 Juventus 13 (0)
1961–1962 Palermo 31 (1)
1962–1974 Inter 358 (5)
1974–1977 Napoli 84 (0)
Landslag
1963–1974 Italia 66 (2)
Trenar for
1978–1980 Livorno
1980–1981 Catanzaro
1981–1982 Bologna
1982–1984 Como
1984–1986 Genoa
1986–1987 Vicenza
1987–1988 Como
1988–1989 Catanzaro
1989–1991 Cremonese
1991–1992 Salernitana
1995–1997 Foggia
1997–1998 Genoa
1998–1999 Lucchese
1999–2000 Ternana
2000–2001 Pescara
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Tarcisio Burgnich (25. april 193926. mai 2021) var ein italiensk fotballspelar frå Ruda i Italia. Gjennom si tid som aktiv vart han europameister og vann VM-sølv med Italias landslag. I alt spela han 66 landskampar. Som klubbspelar vann Burgnich Europacupen to gongar med Inter, den italienske serien fem gongar, og ein gong vart han nasjonal cupmeister. På 1960-talet var han del av La Grande Inter, ein klubb han tente i 12 år, men spela også for Udinese, Juventus, Palermo og SSC Napoli. All si tid spela han i Serie A, til saman var han på bana i 495 seriekampar og skåra 6 mål. Burgnich var ein kontant og trygg forsvarsspelar, vekselvis libero eller høgreback.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Burgnich debuterte for Udinese i juni 1959. Gjennom 1960/61 spela han akkurat nok kampar for Juventus til å verte seriemeister med storklubben frå Torino. Han fekk sitt eigenlege gjennombrot i 1961/62-sesongen i teneste for Palermo, der han skåra sitt fyrste mål. I 1962 vart Burgnich overført til Inter, ein klubb han oppnådde mykje heider med. Allereie i sin fyrste sesong vart han sentral som bakarste mann i forsvaret då La Grande Inter sigra i Serie A.Burgnich spela jamnt godt i alle kampar og deltok sjeldan i angrep, noko som passa vel i det defensive catenaccio-systemet som rådde i italiensk fotball. Med den spelestilen vann Inter Europacupen to år på rad, 1964 og 1965, og vart italienske seriemeistrar på ny i 1965 og 1966. Han feira sin siste triumf med Inter i 1971, då han vart italiensk seriemeister for femte gong. Sommaren 1974 vart han overflytta til Napoli, der han to år seinare opplevde å verte italiensk cupmeister. Våren 1977 la Burgnich fotballskoa på hylla.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Burgnich var i meir enn eit tiår ei viktig brikke for Italias landslag. Han var delaktig då Italia i 1968 sikra seg sigeren i fotball-EM med 2-0 over Jugoslavia. Han var med i troppane til VM i fotball både i 1966, 1970 og 1974. I 1970 spela han høgreback då Italia tapte VM-finalen med 1-4 for Brasil. Burgnich vert ofte hugsa for ei utsegn han kom med etter VM-finalen. «Før kampen sa eg om Pele til meg sjølv: Han er laga av skinn og bein, slik som alle andre. Men eg tok feil.» Mellom 1963 og 1974 spela Burgnich 66 landskampar for Azzurri og skåra to mål.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1978 til 2001 arbeidde Burgnich som trenar for ei rekke klubbar, med måteleg suksess. Gjennom åra leia han lag som Catanzaro, Bologna, Como, Livorno, Foggia, Lucchese, Cremonese, Genoa, Ternana og Vicenza.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1968 for Italia
  • VM-sølv 1970 for Italia
  • Vinnar av Europacupen 1964 og 1965 med Inter
  • Italiensk seriemeister 1961 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 1963, 1965, 1966 og 1971 med Inter
  • Italiensk cupmeister 1976 med Napoli

Kjelder[endre | endre wikiteksten]