Tarjei Vesaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tarjei Vesaas i 1967
Foto: Leif Ørnelund

Tarjei Vesaas (20. august 189715. mars 1970) var ein norsk forfattar fødd i Vinje i Telemark. Forfattarskapen omfatta for det meste romanar, men i tillegg kom dikt, noveller og skodespel.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Vesaas henta dei fleste av sine metaforar og symbol frå naturen. Naturen fungerer som resonansbotn for kjenslene og driftene til dei oppdikta personane. Oppbyggjelege element finst nesten alltid i Vesaas sine bøker. Opp mot dei mørke kreftene, livs- og dødsangsten, framandkjensla og sjølvdestruktive krefter vert det stilt opp lysare livskrefter. I kaoset er det alltid ein impuls til orden. Sjølv om Vesaas let mange av romanpersonane gå til grunne, finst det alltid eit håp for dei overlevande. Grunnverdiane kjem fram i komposisjon, tematikk og symbol.

Av symbolske/allegoriske romanar som Vesaas skreiv kan nemnast Huset i mørkret, Signalet, Brannen og Båten om kvelden, medan Kimen, Vårnatt, Fuglane, Is-slottet, og Bruene er realistiske/symbolske romanar. Grensetilfelle er Bleikeplassen og Tårnet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tarjei Vesaas var fødd i Vinje og var eldste son av bonden Olav Vesaas og Signe f. Øygarden. Gjennom mora var han skyldt bergsætta på Rauland, og var tremenning av Eivind Groven, Aslaug Vaa og Dyre Vaa. Han var frå 1934 gift med Halldis Moren Vesaas, som òg var forfattar. Dei budde på garden Midtbø i Særensgrend i Vinje, ein gard Vesaas kjøpte av farbroren sin, Øystein Vesaas i 1930.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1964 vann Tarjei Vesaas Nordisk råds litteraturpris for boka Is-slottet. For pengane oppretta han eit legat som kvart år skal gje ein pris til den beste unge skjønnlitterære debutanten — Tarjei Vesaas' debutantpris.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Menneskebonn (1923) roman
  • Sendemann Huskuld (1924) roman
  • Grindegard (Morgonen) (1925) roman
  • Guds bustader (1925) skodespel
  • Grindekveld eller Den gode engelen (1926) roman
  • Dei svarte hestane (1928) roman
  • Klokka i haugen (1929) noveller
  • Fars reise (1930) roman
  • Sigrid Stallbrokk (1931) roman
  • Dei ukjende mennene (1932) roman
  • Sandeltreet (1933) roman
  • Det store spelet (1934) roman
  • Ultimatum (1934) skodespel
  • Kvinnor ropar heim (1935) roman
  • Leiret og hjulet (1936) noveller
  • Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938) roman
  • Kimen (1940) roman
  • Huset i mørkret (1945) roman
  • Kjeldene (1946) dikt
  • Bleikeplassen (1946) roman
  • Morgonvinden (1947) skodespel
  • Leiken og lynet (1947) dikt
  • Tårnet (1948) roman
  • Lykka for ferdesmenn (1949) dikt
  • Signalet (1950) roman
  • Vindane (1953) noveller
  • Løynde eldars land (1953) dikt
  • Vårnatt (1954) roman
  • Ver ny, vår draum (1956) dikt
  • Fuglane (1957) roman
  • Ein vakker dag (1959) noveller
  • Brannen (1961) roman
  • Is-slottet (1963) roman
  • Bruene (1966) roman
  • Båten om kvelden (1968)
  • Liv ved straumen (1970) dikt
  • Huset og fuglen (1971, posthumt) tekstar og bilete, redigert av Walter Baumgartner

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Olav Vesaas (1995): Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas . Cappelen

Steinar Gimnes (2013): ...angen frå vår stutte tid. Ein studie i Tarjei Vesaas' forfattarskap. Akademika forlag

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.