Tarkjell Våkråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tarkjell Våkråk
Død3. april 1694
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Tarkjell Våkråk (d. 3. april 1694) var ein norsk spelemann frå Nore i Numedal. Han er rekna som den første spelemannen ein veit namnet på austafjells.

Tarkjell kom frå garden Våkråk, ikkje langt frå Rødberg. Han var son av Torstein Våkråg, og soneson av lagrettemann Tarkjell Ro. At han var rekna som ein førande spelemann, kan ein rekne av at han vart bodsend så langt unna som Hovet i Hol. Faren Torstein skifte til seg Våkråk, der Tarkjell voks opp. Ætta hadde hadde fleire lagrettemenn attende til 1500-talet, så Tarkjell var av bra folk. Kva slag spel han nytta, er ikkje kjend, men det er mogleg han hadde fått seg fele gjennom kontakt med Kongsberg.

Tarkjell var og ein villstyring, og vart stemna inn for drap i 1693. Han hadde slege ihel skosveinen på heimegarden, Gullik Olsson. Gullik var bror av ei Åse Olsdotter, som Tarkjell hadde eit auge til. Gullik lika ikkje dette, og gav Tarkjell juling. Følgja var at Tarkjell stal ei øks frå Gullik og hogg han ned. På grunn av denne hendinga vart Tarkjell stemna til Gulating, og laut møte der i 1695.

Før han kom så langt var Tarkjell beden om å spela i eit bryllaup på garden Villand, Hovet, 3. april 1694.

Her kom Tarkjell trette med ein Per Hermansson, son av Hermann Sudndalen. Per tok ein tallerk og kasta på Tarkjell. Etter dette bar det ihop med dei ute i tunet, og Tarkjell slog ned Per med eit vedstykke. Etter at Tarkjell så kom innatt, var det nokre av jentene som ville ha han til å spela, og Tarkjell tok fram fela, gjekk beint framfor Per og sette i med ein slått. Då drog Per kniven og sette han i aksla på Tarkjell. "No stakk han meg!" sa Tarkjell, la fela frå seg og drog kniven. Jentene heldt han att, og stelde han. Dagen etter døydde Tarkjell av blodtapet.

På Villand sat på denne tida Elling Nilsson Villand, men det er ikkje funne prov for kven som gifte seg ved dette høvet.

Etter kjeldene syner Tarkjell Våkråk seg som ein villstyring, men og som ein god spelemann, sidan han vart beden om å spela i Hovet, mange mil unna Rødberg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Reinton: Folk og fortid i Hol, band II