Tarmparasitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tarmparasittar er parasittar som infiserer tarmkanalen hjå menneske og andre dyr.[1] Dei kan leve i heile kroppen, men føretrekk tarmvegger. Smittevegar kan vere skjemt eller delvis rått kjøt, infisert drikkevatn og opptak gjennom huda. Ein parasitt er ein organisme som lever på, dvs. får næringa si frå, ein annan organisme – verten.

I hovudgruppa av parasittar finn ein protozoar (eincella organismar) og helmintar. Av desse er protozoane, medrekna cryptosporidium, mikrosporidar og isospora, dei mest vanlege hjå HIV-smitta personar. Alle kan dei infisere tarmkanalane, og nokre gonger kan to eller fleire av dei opptre på same tid. Ungar er spesielt mottakelege dersom dei ikkje er reingjorde etter å ha vore i kontakt med infisert jord, til dømes i sandkassar eller på leikeplassar. Dessutan er risikoen for folk i utviklingsland stor, grunna drikkevatn frå kjelder som kan vere forureina med tarmparasittar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Loukopoulos P. et al.: «Lethal Ozolaimus megatyphlon infection in a green iguana (Iguana iguana rhinolopa)» i Journal of Zoo and Wildlife Medicine 2007, nr. 38, s. 131–134.
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.