Tarnów
| Tarnów | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Rådhuset på Hovudplassen | |||||
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land Voivodskap |
Veslepolske |
||||
| Byrettar | 1330 | ||||
| Borgarmeister | Ryszard Ścigała | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
72,4 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
117 109 1618/km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 33-100 til 33-110 | ||||
| Telefon-retningsnummer | +48 014 | ||||
| Bilnummer | KT | ||||
| Nettstad: www.tarnow.pl | |||||
Tarnów (tysk Tarnau; jiddisk טארנא-Turna) er ein by søraust i Polen med om lag 115 000 innbyggjarar.
Byen ligg i Veslepolske voivodskap, men frå 1975 til 1998 var han hovudstad i Tarnów voivodskap.
Historie [endre]
Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1224. Han fekk byrettar i 1330. På 1200-talet flytta mange tyskarar frå Kraków og Nowy Sącz til byen. På 1500-talet kom òg mange skotske nybyggjarar til området. Han vart annektert av Habsburgmonarkiet og Austerrike i 1772 under den første delinga av Polen. Bispedømet Tarnów vart oppretta i 1785.
Under den første verdskrigen var byen viktig i den austerriksk-ungarske/tyske Gorlice-Tarnów-offensiven i 1915, ein militæroperasjon som endra situasjonen på austfronten og førte til at store russiske styrkar trekte seg tilbake. Etter krigen vart byen ein del av Den andre polske republikken i 1918.
Før den andre verdskrigen var om lag halvparten, om lag 25 000, av innbyggjarane jødar. Bortsett frå om lag 700 vart alle desse drepne av nazistane.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Tarnów» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2008.