Tarn Hows

Koordinatar: 54°23′N 3°02′W / 54.383°N 3.033°W / 54.383; -3.033
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tarn Hows
innsjø
Land  Storbritannia
Innsjøtype kunstig innsjø
Utløp Tom Gill
Høgd over havet 180 moh.
Lengd 0,971 km
Breidd 0,258 km
Areal 0,15 km²
Kystlengd1 3,1 km
Koordinatar 54°23′N 3°02′W / 54.383°N 3.033°W / 54.383; -3.033
Øyar 5
Kart
Tarn Hows
54°23′00″N 3°02′00″W / 54.383333333333°N 3.0333333333333°W / 54.383333333333; -3.0333333333333
Wikimedia Commons: Tarn Hows
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Om vinteren

Tarn Hows er eit område i Lake District nasjonalpark i England. Det består av eit vatn og ligg om lag 3 km nordaust for Coniston og om lag 2,5 km nordvest for Hawkshead. Området er eit av dei mest vitja i Lake District med meir enn ein halv million turistar kvart år sidan 1970-åra. Det vert forvalta av National Trust.

Tarn Hows får vatn frå fleire elvar i nordenden og vert drenert av Tom Gill gjennom ei rekkje små fossar til Glen Mary-brua.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tarn Hows-området bestod opphavleg av tre mindre vatn, Low Tarn, Middle Tarn og High Tarn.

Fram til 1862 var mykje av Tarn Hows-området nytta som beitemarker for Hawkshead. I 1862 fekk John Marshall heile området og starta å utforme landskapet med å plante gran, lerke og furu rundt vatna. Han bygde òg demninga som skapte det noverande vatnet.

I 1930-åra selde Marshall-familien ein del av landjorda til Beatrix Heelis frå Sawrey, og ho selde det vidare til National Trust.

Tarn Hows fekk status som Site of Special Scientific Interest i 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Tarn Hows» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Wordsworth W. (1835). Guide Through the District of the Lakes. 
    • Cowper H.S. (1899). Hawkshead. Bemrose, London. 
    • Abraham G.D (1913). Motor Ways In Lakeland. Methuen. 
    • Scott J. (2001). A History of Rose Castle. Unpublished. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]