Tarquinio Merula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tarquinio Merula

Fødd1594 eller 1595
FødestadCremona i Italia
Død10. desember 1665
DødsstadCremona i Italia
Aktiv1628-1637
SjangerRenessansemusikk, barokkmusikk, kammermusikk
InstrumentOrgel og fiolin
Verka somKomponist, organist, fiolonist

Tarquinio Merula (fødd 1594 eller 1595 i Cremona i Italia, død 10. desember 1665) var ein italiensk komponist, organist og fiolinist tidleg i barokken. Han var hovudsakleg aktiv i Cremona, men høyrte stilmessig til den venetianske skulen. Han var ein av dei mest progressive italienske komponistane tidleg på 1600-talet, særleg når det gjaldt nye teknikkar innan kyrkjemusikk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd i Busseto. Han fekk truleg den første musikalske utdanninga si i Cremona, der han ført vart tilsett som organist. I 1616 tok han ei stilling som organist i S Maria Incoronata i Lodi, der han vart verande til 1621. Han reiste så til Warszawa i Polen og arbeidde som organist i hoffet til Sigismund III Vasa.

I 1626 kom han attende til Cremona og i 1627 vart han maestro di cappella ved domkyrkja der. Her var han i fire år før han flytte vidare til Bergamo og ei liknande stilling. Alessandro Grandi, føregangaren hans, hadde døydd av pest i 1630 og han fekk ei stor oppgåve med å byggje opp at den musikalske institusjonen der etter at mange av medlemmene var døde.

Uheldigvis for Merula fekk han problem med ein av studentane sine og vart skulda for usømmeleg oppførsel. Han valde då å reise attende til Cremona, der han vart verande til 1635. I denne perioden ser det ut til at han hadde mange problem med arbeidsgjevarane sine. Han krangla med administratorane i Cremona om mange saker og reiste attende til Bergamo, denne gongen ved ei anna kyrkje, men fekk ikkje lov til å nytte nokre av musikarane til den tidlegare arbeidsgjevaren. I 1646 reiste han for siste gong til Cremona og var der kapellmeister ved Laudi della Madonna fram til han døydde i 1665.

Musikk og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Merula var ein viktig person i den tidlege utviklinga v fleire former som vart meir vanleg seinare i barokken, slik som kantate, arie, sonate da chiesa og da camera, variasjonar kring basso ostinato og sinfonia.

I kyrkjemusikken følgde Merula Monteverdi og nytta ofte dei same teknikkane, men han gjorde òg nye ting, som å skrive motettar for solostemmer akkompagnert av strykarar. Publikasjonane hans frå 1639, 1640 og 1652 inkluderte messer, som er skriven med bruk av ostinato bassar, inkludert Ruggiero og Romanesca. Noko av musikken hans liknar concertato-stilen til Giovanni Gabrieli og har ein moderne tonalitet.

Den verdslege musikken til Merula omfattar solomadrigalar med instrumental akkompagnement. Stundom nytta han Monteverdi sin stile concitato, ein tremoloeffekt, og i varsla den seinare barokke kantaten med sine inndelinga i ariar og resitativ. Han skreiv ein opera, La finta savia, i 1643, basert på ein libretto av Giulio Strozzi. Av instrumentalmusikken hans finn ein mange canzonaer, med seksjonsstrukturar som liknar sonata da chiesa og verka han gjorde for strykarar—særleg for fiolin—. Desse er særleg idiomatiske og ser framover mot den utvikla komponeringa i seinbarokken.

Han skreiv òg canzonettaer, dialogar, toccataer for klaverinstrument og capriccioer, ein Sonata cromatica, og fleire andre stykke som syner interesser for nær sagt alle musikalske trendar i Nord-Italia på denne tida.

Ei komplett utgåve av verka hans vart publisert i 1974 i Brooklyn, New York (T. Merula: Opere complete, red. A. Sutkowski).

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Il primo libro delle canzoni a 4, 12 canzonaer for 4 instrument, Opus 1 (1615)
  • Il primo libro de madrigaletti, 3 stemmer og continuo, Op. 4 (1624)
  • Il primo libro de madrigali concertati, 4 til 8 stemmer og continuo, Op. 5 (1624)
  • Il primo libro de motetti e sonate concertati, 3 til 5 stemmer , Op. 6 (1624)
  • Satiro e Corisca dialogo musicale, 2 stemmer med continuo, Op. 7 (1626)
  • Libro secondo de concerti spirituali con alcune sonatee, 2 til 5 stemmer, Op. 8 (1628)
  • Il secondo libro delle canzoni da suonare, 12 canzonaer for 3 instrument (2 fiolinar og ein bass) med continuo, Op. 9 (c.1631)
  • Madrigali et altre musiche concertate a 1–5, libro secondo, 1 til 5 stemmer, Op. 10 (1633)
  • Pegaso salmi, motetti, suonate, libro terzo, 2 til 5 stemmer, Op. 11 (c.1637)
  • Canzoni overo sonate concertate per chiesa e camera, 2 eller 3, Op. 12 (1637)
  • Curtio precipitato et altri capricii, libro secondo, solostemme, Op. 13 (1638)
  • Canzonette a 3 et 4, finst ikkje, Op. 14? (før 1649)
  • Concerto messi, salmi concertati, 2-8 stemmer og instrument, Op. 15 (1639)
  • Arpa Davidica salmi, et messe, 4 stemmer, Op. 16 (1640)
  • Il quarto libro delle canzoni da suonare, 2 til 3 instrument, Op. 17 (1651)
  • Il terzo libro delle salmi et messa concertati, 3 eller 4 stemmer, Op. 18 (1652)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]