Tasmania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tasmania
Geografisk plassering

Delstat i Australia

Hovudstad Hobart
Flatevidd

 - Rangering i Australia

90 758 km²

7.

Folketal (2006)

 - Rangering i Australia
 - Folketettleik

489 000

6.
5,4/km²

Grunnlagd 1825
Offisielle språk Engelsk
Premier Peter Gutwein, Kate Warner, Jeremy Rockliff
Nettstad www.tas.gov.au
Våpen
Våpen

Tasmania er ei øy som ligg sør for det australske fastlandet. Øya utgjer ein delstat i Australia. Tasmania ligg 200 km sør for Australia. Per mars 2005 bur det 484 700 menneske på Tasmania og dei mindre øyane rundt som Macquarie Island. Totalarealet av delstaten er 68 322 kvadrat kilometer. Det sørlegaste punktet på øya er South East Cape og ligg 364 km sør for det norligste punktet Woolnorth Pt. Frå det vestlegaste punktet, West Pt., til det austlegaste punktet, Eddystone Pt., er det 306 km. 36 % av Tasmania er i dag naturreservat.

Den største byen i staten Tasmania er Hobart og er òg hovudstaten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første menneska kom til Tasmania mellom 29 000 og 140 000 år sidan. Lenge var dei tasmanske aboriginarane dei som levde lengst sør i verda. Det er funne holemålarstykke i holer i det sør-vestlege Tasmania som er daterte å vere 14 000 år gamle.

Den første europearen som såg Tasmania var den nederlandske utforskaren Abel Tasman, som såg øya for første gong 24. november 1642. Han gav øya namnet Anthoonij van Diemenslandt etter sponsoren sin, guvernøren av Nederlandsk Austindia. Øya blei seinare omdøypt til Van Diemens Land av britane.

Den første britiske busetnaden vart grunnlagd i 1803, på same plass som dagens hovudstad, Hobart, ligg. Dei første busetjarane var britiske fangar og militære vaktar, som hadde i oppgåve å utvikle samfunnet på Van Diemens Land. Fleire andre byar oppstod i løpet av åra med utspring i fengsel, mellom andre Port Arthur og Macquarie hamn.

Tidleg på 1800-talet blei nesten alle dei tasmanske aboroginarane drepne av europeiske busetterar i ei konflikt som varte i tiår og har blitt døypt The Black War, eller den svarte krigen.

I 1825 blei Van Diemens Land skilt frå kolonien New South Wales, og blei ein delstat under England. I 1856 skifta staten namn frå Van Diemens Land til Tasmania etter Abel Tasman, i eit forsøk på å kvitte seg med ryktet til Van Diemens Land. Tasmania fekk òg si første grunnlov det året.

Det siste kolonifengselet blei stengt i 1877, i Port Arthur. I 1901 blei Tasmania ein delstat i den nyleg oppretta staten Australia.

Tasmania (satellitbilete)

Klima[endre | endre wikiteksten]

Den høgaste målte tempraturen på Tasmania er 40,8 °C. Denne tempraturen blei målt i Hobart, 4 januar 1976. Den lågaste tempraturen nokosinne målt på Tasmania er -13 °C. Denne tempraturen blei målt i Shannon den 30. juni 1983.

Kjende personar frå Tasmania[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er omsett frå wikipedia på bokmål den 25.06.07