Tassos Papadopoulos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tassos Papadopoulos

Verkeleg namn Τάσσος Παπαδόπουλος
Statsborgarskap Kypros
Fødd 7. januar 1934
Ájos Andónios i Levkosía
Død

12. desember 2008 (74 år)
Nicosia New General Hospital

Yrke politikar, advokat
Språk gresk, engelsk
Verv President på Kypros
Periode 2003-2008
Føregangar Glavkos Kliridis
Etterfylgjar Dimitris Khristofias
Politisk parti Dimokratikó Kómma, Eniaion
Tassos Papadopoulos på Commons

Tassos Nikolaou Papadopoulos (7. januar 193412. desember 2008) er ein kypriotisk politikar frå Levkosía. Papadopoulos var president på Kypros frå 28. februar 2003 til 28. februar 2008.

Papadopoulos leia sentrumspartiet Dimokratiko Komma (Det demokratiske partiet). Han vart vald til president 16. februar 2003 med 51,5 % av røystene i første valomgang, framfor den sitjande presidenten Glavkos Kliridis. Papadopoulos oppmoda i 2004 folket til å røysta «nei» i folkerøystinga om SN sin fredsplan for Kypros, og det vart òg eit nei-fleirtal. Ved presidentvalet 17. februar 2008 kom han på tredje plass i første runde med 31,8 % av røystene, og måtte dermed gå av som president.