Tata Steel sjakkturnering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tata Steel sjakkturnering eller Tata Steel Chess Tournament blir arrangert kvart år, vanlegvis i januar, no i den vesle byen Wijk aan Zee, ein del av den større byen Beverwijk i provinsen Noord-Holland i i Nederland.

Turneringa har hatt namn etter hovudsponsoren, og har bytt namn eit par gongar etter fusjonar og oppkjøp. Den heitte Hoogovens-turneringa til 1999. Den nederlandske produsenten av stål og aluminium Koninklijke Hoogovens fusjonerte den 6. oktober 1999 med British Steel for å bli Corus Group. Frå 2000 til 2010 var namnet dermed Corus-turneringa. Corus Group vart så kjøpt opp av indiske Tata Steel, og turneringa fekk dermed frå 2011 nytt namn. Frå 1938 til 1967 vart turneringa halden i Beverwijk.

Turneringa er ei av dei mest prestisjefylte sjakkturneringane i verda, der A-gruppa regelmessig har hatt deltaking av dei beste spelarane i verda. Dei siste åra har det vore 14 spelarar i A-gruppa som spelar alle mot alle, og i tillegg har her vore 14 spelarar i B-gruppa og 14 i C-gruppa. Her har også blitt eit omfattande samtidig turneringstilbod til vanlege klubbspelarar.

Sidan 1938 har turneringa hatt mange berømte vinnarar, så som: Max Euwe, Bent Larsen, Tigran Petrosjan, Paul Keres, Efim Geller, Lajos Portisch, Boris Spasskij, Mikhail Botvinnik, Mikhail Tal, Viktor Korchnoi, Jan Timman, Anatolij Karpov, Vladimir Kramnik, Garri Kasparov, Viswanathan Anand and Veselin Topalov. Av verdsmeistrane i sjakk i det "klassiske" VM sidan 2. verdskrigen, manglar berre Vasilij Smyslov og Bobby Fischer. I 2001 deltok ni av dei ti øvste på verdsrankingen.

Viswanathan Anand er den einaste som har vunne turneringa 5 gongar, 3 av desse var delte førsteplassar. Max Euwe, Lajos Portisch and Viktor Korchnoi har vunne turneringa fire gongar kvar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Hoogovens Beverwijk[endre | endre wikiteksten]

Dei første turneringane var ganske små. Det starta med ei gruppe på 4 i 1938, og det deltok berre nederlendarar i dei fem første åra. Turneringa vart arrangert tidleg i januar. I 1943 og 1944 vart deltakinga dobla til 8 spelarar. I 1945 vart det inga turnering pga andre verdskrigen. Den første internasjonale turneringa vart halden i 1946. Øvste gruppe vart auka til 10 spelarar, og Alberic O'Kelly de Galway (Belgia) og Gösta Stoltz (Sverige) vart invitert til å delta saman med 8 nederlendarar. Turneringa hadde 10 deltakarar fram til 1953, då det vart auka til 12, og ei internasjonal kvinneturnering vart også arrangert. I 1954 vart deltakinga redusert til 10 spelarar, men med aukande spelestyrke på dei som deltok. Deltakinga vart auka sterkt til 18 i 1963, og sjølv om deltakinga vart redusert til 16 i 1964, så hadde turneringa på dette tidspunktet blitt den sterkaste internasjonale sjakkturneringa i verda.

Turneringa i 1946 var ei av dei første turneringane som vart haldne i Europa etter andre verdskrigen. Matmangel var framleis eit problem i Europa, så banketten etter turneringa hadde ertesuppe, ein billeg kvardagsrett. I ettertid har ertesuppe blitt servert som første rett på den avsluttande banketten, ein tradisjon som heldt fram då turneringa flytta frå Beverwijk til Wijk aan Zee.

Vinnarar av topp-gruppa:

Hoogovens Wijk aan Zee[endre | endre wikiteksten]

Turneringa vart i 1968 flytta til den nederlandske turistbyen ved havet Wijk aan Zee. Sidan har turneringa ofte blitt kalla Wijk aan Zee-turneringa. Vinnarar av A-gruppa / Stormeister-gruppa har sidan 1968 vore:

Corus-turneringa[endre | endre wikiteksten]

Tata Steel-turneringa[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]