Tatarisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tatarisk
Tatar tele (Tatarça)
Klassifisering Tyrkiske språk
Talarar tatarar
Bruk
Tala i Tatarstan (Russland), Kasakhstan, Kirgisistan, Usbekistan, Turkmenistan, Tyrkia, Kaukasus, Polen, Ukraina, Finland
Område Aust-Europa, Sentral-Asia
Tatarisktalande i alt 8 000 000
Rangering 95
Skriftsystem latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Tatarstan
Språkkodar
ISO 639-1 tt
ISO 639-2 tat
ISO 639-3 tat

Tatarisk er eit tyrkisk språk som blir snakka hovudsakleg i Tatarstan aust i europeisk Russland, men også i Kasakhstan, Kirgisistan, Usbekistan, Turkmenistan, Tyrkia, Kaukasus, Polen, Ukraina og Finland.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Tatarisk minner mykje om tyrkisk.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Alfabet[endre | endre wikiteksten]

Det moderne latinske alfabetet for tatarisk inneheld, i tillegg til A-Z, desse bokstavane: Çç, Ğğ, Şş, Ññ, Ää, Öö, Üü, Iı, İi og Í.

Det kyrilliske alfabetet er framleis i bruk, med desse bokstavane: А Ә Б В Г Д Е (Ё) Ж Җ З И Й К Л М Н Ң О Ө П Р С Т У Ү Ф Х Һ Ц Ч Ш Щ Ь Ы Ъ Э Ю Я.

Jaŋalif, det latinske alfabetet frå 1938, hadde desse bokstavane i tillegg til bokstavane A-Z: Çç, Əə, Ьь, Ƣƣ, Ŋŋ, Ɵɵ, Şş, Üü.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ytre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Alfabet[endre | endre wikiteksten]

Tatarisk har vore skriftspråk sidan 900-talet. Etter revolusjonen vart tatarisk skrive med ein reformert versjon av det arabiske alfabetet, yaña imlâ, fram til 1928, då det som ein del av alfabetiseringsprogrammet til den sovjetiske språkpolitikken, vart skriftfesta med det latinske alfabetet, i ein variant som vart kalla jaŋalif. Dette alfabetet vart skifta ut med det kyrilliske alfabetet i 1938. Parlamentet i republikken Tatarstan vedtok i 2000 å gå attende til det latinske alfabetet, men med ei litt anna rettskriving enn for jaŋalif.

Russland godtok likevel ikkje denne avgjerda, og ekstreme grupper på høgresida såg det som første skritt mot separatisme og terrorisme. Det har også vore skuldingar om antirussisk panturkisme. Etter dette vedtok den russiske dumaen ei lov som sa at berre det kyrilliske alfabetet kan brukast til språk som høyrer heime i Den russiske føderasjonen.

Parlamentet i Tatarstan heldt likevel på sitt, og i 1994 laga dei ein avtale med den russiske staten. Etter Tatarstan si oppfatning av denne avtalen høyrer spørsmålet om val av alfabet til indre ting, som etter avtalen skal regulerast av partane kvar for seg. Til slutt vart avtalen underteikna.

Indre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Tatarisk har påverka dei finskugriske nabospråka sine, marisk og udmurtisk.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.