Taubane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taubane. Trekkvaieren kan sjåast under berekabelen. Opphenget er forma slik for at gondolen skal kome seg forbi dei traversa på mastene som held berekabelen oppe.
Taubanen til toppen av Teide på Tenerife.
Taubane i LongyearbyenSvalbard som tidlegare frakta kol, men no er teke ut or bruk.

Taubane (tidlegare òg skrive togbane, der tog tyder tau), òg kalla svevebane, er eit transportmiddel som går i luftspenn for frakt av personar eller gods. Taubanen har ein gondol (eit innelukka rom, mest for persontransport) eller ein anna form for transportkasse som heng i ein arm ned frå ei innretning med hjul som rullar på oversida av ein tjukk vaier som er opphengd i to eller fleire master over ei kort eller lang strekning, og har ein tynnare vaier kopla til ein vinsj for å drege gondolane. Det er òg tryggleiksystemer som skal kunne bremse eller stogge gondolane i ein naudsituasjon.

Taubaner med gondolar for i hovudsak å frakte personar, vert ofte òg kalla gondolbanar.

Ei taubane bør byggjast i ei strekning med stigning, dersom ho ikkje skal ha ein vinsj i kvar ende. Når bana ligg i stigning, er ho gjerne bygd med to berekablar for kvar sin gondol. Dei er kopla saman på den måten at den gondolen som går opp nyttar den som går nedover som motvekt, samstundes som den gondolen som går nedover vert bremsa av godolen som går oppover. Slik spararst det energi til å drive bana. Same prinsippet vert nytta på kabelbanar, som er baner som går på skjener i bratt terreng.

Nokre taubaner i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Harastølsbanen i Luster i Sogn.
Foto: Guttorm Flatabø

Lovregulering[endre | endre wikiteksten]

Taubanelova har nærare reglar om løyve til å bygge taubaner, skitrekk med vidare, og kontroll med desse.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]