Taumarunui

Koordinatar: 38°53.0′S 175°15.7′E / 38.8833°S 175.2617°E / -38.8833; 175.2617
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taumarunui
Land  New Zealand
Region Manawatu-Wanganui
Distrikt Ruapehu District
Folketal 5 136  (2001)
Kart
Taumarunui
38°53′00″S 175°15′42″E / 38.883333333333°S 175.26166666667°E / -38.883333333333; 175.26166666667
Wikimedia Commons: Taumarunui

38°53.0′S 175°15.7′E / 38.8833°S 175.2617°E / -38.8833; 175.2617 Taumarunui er ein by i King Country, sentralt på NordøyaNew Zealand, i regionen Manawatu-Wanganui. Byen er administrasjonssenter i distriktet Ruapehu District. Han ligg ved riksvegen State Highway 4 og jarnveglinja North Island Main Trunk Railway. Ved State Highway 4 sør for Taumarunui ligg dei mindre busetnadane Manunui, Piriaka, Kakahi, Owhango, Raurimu og National Park (som er ein tettstad som grensar til nasjonalparken Tongariro National Park).

Byen ligg på ei slette inne i det kuperte landskapet ved den øvre delen av Whanganui-elva, 65 km sør for Te Kuiti og 55 km vest for Turangi. Innbyggjartalet var ved folketeljinga i 2001 på 5 136, noko som gjer byen til det største senteret i vid omkrins.

Det er sagt at namnet «Taumarunui» skal koma frå dei siste orda maorihøvdingen Pehi Turoa sa på dødslægjet sitt - taumaru, som tyder 'skjerm', og nui, 'stor'; bokstaveleg omsett som 'den store skjermen', som var sett opp for å verna han mot sola. Det er også referansar til namnet Taumarunui som ein stor skjerma stad for å dyrka kumara eller søtpotet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Taumarunui var opphavleg ein maoribusetnad der elvene Ongarue og Whanganui River møtest, og viktige kanoruter batt her det indre av Nordøya saman med busetnader lenger nede langs Wanganui. Visse stader i nærleiken, særleg dalen der elva Pungapunga Stream renn, og som møter Wanganui nær Manunui, var verdsett for storleiken og kvaliteten til totara (Podocarpus totara eit treslag i gultrefamilien), og det vart laga store kanoar her. Området er også kjent fordi det var eit grenseland der fleire iwi, mellom desse Whangaui, Ngati Maniapoto og Ngati Tuwharetoa, levde saman i relativ harmoni.[1]

Seint i desember 1843 drog biskop Selwyn sør frå Taupo til ein stad ved Wanganui-elva omkring 10 km nedstraums frå Taumarunui, og drog derfrå til kysten med kano. Mot slutten av 1869 var maorileiaren Te Kooti i Taumarunui før han marsjerte gjennom det vestlege Taupo District til Tapapa. I 1874 bygde Alexander Bell ein handelsstasjon, og vart den første europeiske nybyggjaren. Tidleg i 1880-åra starta dei første oppmålingane i King Country, og eit tiår seinare var staten i ferd med å kjøpa opp store landområde her.

Wanganui River var i lang tid den viktigaste ferdselsåra til Taumarunui. Trafikken gjekk først på maorikanoar, men sist på 1880-talet vart det oppretta regelbundne dampbåtruter på elva. Taumarunui Landing var den siste haldeplassen til Alexander Hatrick si dampbåtrute frå Wanganui. Elvebåtane heldt oppe båtrutene mellom Wanganui og Taumarunui til seint på 1920-talet, då seglingstilhøva i elva vart for vanskelege.

Seinare vart Taumarunui ein viktig by under anlegget av jarnvegslinja North Island Main Trunk Line i 1908 (omsungen i ein ballade av Peter Cape). Linja sør for Taumarunui valda betydelege problem på grunn av terrenget, og har fleire høge viaduktar og den vidgjetne Raurimu Spiral. I seinare tider har byen sin økonomi basert seg på skogsdrift og jordbruk. Han har også vorte viktig som turistsenter, særleg som eit inngangspunkt for reisande nedetter Wanganui River, og fordi han har ein golfbane av høg kvalitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dick Craig (1990). The King Country. Waitomo: Waitimo News. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]